Hopp til innhold

Kvinne dømd for utuktig omgang med steborn

Ei kvinne i slutten av 50-åra frå Romsdal er dømd til to års fengsel for utuktig omgang med steborna sine då dei var under ti år gamle.

Romsdal tingrett

DØMD: Ei kvinne i 60-åra blei denne veka dømd i Romsdal tingrett for utuktig omgang med stebarna sine.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det avgjorde Romsdal tingrett denne veka. Kvinna må i tillegg betale 150 000 kroner i erstatning til kvar av dei to borna.

Kvinna har ikkje tidlegare vore straffedømt eller bøtelagt.

Fleire overgrep

Steborna blei utsett for gjentatte overgrep på slutten av 1990-talet.

Etter at foreldra til borna blei skilt i 1993, flytta kvinna inn. I 1995 blei det bestemt at faren skulle ha foreldreansvaret for sonen, medan mora skulle ha ansvaret for dottera i familien.

I tillegg skulle det vere eitt møte i månaden for far og borna. Det var i slike periodar at overgrepa skjedde, står det i dommen.

I løpet av ein periode frå 1995 til 1996 skal kvinna ha utsett stesonen for fleire overgrep. Kvinna passa på guten sidan han budde heime hos faren og tiltalte.

Guten var då under tiltales omsorg ettersom han budde heime hjå faren og den tiltalte.

I tillegg skal kvinna ha utsett stedottera for fleire overgrep i perioden 1997 til 1998, då dottera var på besøk hjå faren. Begge borna var under ti år då overgrepa skjedde.

Kvinna har heile tida hevda at ho er uskuldig, men domstolen sette lite lit til forklaringa hennar. I dommen heiter det at dei to fornærma sine forklaringar står fram kvar for seg og samla som svært truverdige.

Psykiske problem

Retten har lagt vekt på at dei fornærma har hatt reaksjonar og åtferdsendringar i etterkant som underbyggjer at dei har vore utsett for seksuelle overgrep. Begge fornærma har blant anna slite med psykiske problem, angst og posttraumatisk stress.

Det er også skjerpande at overgrepa er gjort av ein person som hadde omsorgsansvar for barna i eit tid då barna var svært sårbare.

Redusert straff

Til trass for at overgrepa skjedde på slutten av 90-talet, blei ikkje forholda meldt til politiet før i 2010. Det var fyrste gong dei to søskena fann ut at dei begge hadde vore utsette for overgrep av den tiltalte, som no er i 70-åra.

Aktor og retten meinte tre års fengsel i utgangspunktet var riktig straff. Straffa vart derimot redusert på grunn av lang saksbehandlingstid hjå politiet, og fordi det tok fire år frå saka vart meldt til den hamna i retten.

Statsadvokat Jogeir Nogva fortel at bakgrunnen for straffereduksjonen skuldast ein glipp hjå politiet.

– Sakspapira blei liggande i ei lengre periode utan at det skjedde noko meir i etterforskinga. Det er sjølvsagt svært beklageleg, forklarar han.

Han fortel vidare at ein slik straffereduksjon kan oppstå i saker der saksbehandlingstida trekkjer ut.

– Dei tiltalte har krav på framdrift i saka. Det er belastande å ha ei slik sak hengande over seg og det er difor det skjer, seier Nogva.

Statsadvokaten meiner reduksjonen ligg i grenseland for kva dei kan tenke seg å godta, men at det vil vere opp til riksadvokaten å avgjere om dei vil anke dommen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL