"Se Opp-foreningen"
I fjor haust vart det på Vågstranda hengde opp fleire plakatar med påstandar om ein mann som skulle ha terrorisert og plaga folk i lang tid.
- "Se Opp-foreningen vil gjerne rette søkelyset mot en skummel mann i bygda", heitte det i første avsnitt på plakaten.
Plakatsaka på Vågstranda skapte i fjor haust store overskrifter. Kraftige ord og uttrykk vart brukte for å åtvare bygdefolket mot mannen, som no er tilkjend erstatning.
Drapstrussel
Advarselen vart avslutta med følgjande utsegn: "Nå er det på tide at Vågstranda blir luket for ugress...!!!". Dette oppfatta mannen som ein drapstrussel, og retten har full forståing for at dette har vore skremmande, og at han har hatt god grunn til å føle seg sjikanert.
Krenkjande
I dommen heiter det at mannen som hengde opp plakatane måtte forstå at dei var krenkjande. Retten har ikkje teke stilling til om skuldingane er sanne eller ikkje.
I tillegg til å betale 25.000 kroner i erstatning til den krenka mannen, må saksøkte også betale sakskostnadene på vel 40.000 kroner.