Dømd for overgrep mot tenåringar

Ein mann i 20-åra frå Sunnmøre er dømd til fengsel i 5 år for seksuelle overgrep mot seks jenter i 14-15-årsalderen. Ifølgje dommen har mannen gitt jentene alkohol, tilbydd seg å køyre dei heim og så forgripe seg mot dei: «Tiltalte har i sin jakt på seksuell tilfredsstillelse kynisk og målretta søkt etter tenåringsjenter i denne aldersgruppa», står det i dommen. Mannen må også betale dei seks jentene til saman 475 000 kroner i erstatning.

Bistandsadvokaten til to av jentene, Anne Hovde, er fornøgd med dommen.

– Det er viktig at det blir signalisert at det ikkje er greitt å gjere slike ting, seier ho.