Dømd for overgrep mot 14-åring

Ein mann i slutten av 40-åra frå Nordmøre er dømt til fengsel i 6 månader for seksuell omgang med ei jente på 14 år. Han må også betale 40.000 kroner i erstatning til jenta. Hendinga skjedde i Trøndelag i fjor haust, og retten legg i skjerpande retning vekt på den store aldersskilnaden mellom dei to. Mannen er også dømt for å ha sendt nakenbilete av seg sjølv til jenta via sosiale medium.