Hopp til innhold

Dømd for narkotikakjøp

Ein 38 år gamal kristiansundsmann er dømd for medvirkning til kjøp av 100 gram amfetamin. Han er også dømd for å ha oppbevart 300 gram metamfetamin. Normalt ville straffe ifølgje dommen vore på rundt 2 år, men retten er komen til at mannen er inne i eit rehabiliteringsopplegg som fungerer godt. Han får difor 375 timars samfunnsstraff for narkotikalovbrota.