Normal

Dømd for å ha tatt kvelartak på læraren sin

Guten blei provosert av det læraren sa, og gjekk til åtak fleire gongar. No er han dømd til samfunnsstraff.

Norges lover

Guten likte dårleg at læraren snakka om ein kompis av han, og tok difor kvelartak på henne.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Det var i februar i fjor guten blei så provosert over det læraren sa, at han tok kvelartak på henne. Deretter gjekk han etter henne ut i gangen og forsøkte på nytt å angripe. Først då ein annan lærar gjekk i mellom, gav han seg.

Lite interessert i skulegang

Guten har budd på institusjon i Romsdal i fleire år, med tilsette døgnet rundt. Frå hausten 2015 har han fått heimeundervisning, men i følgje dommen har han ikkje vore interessert. To lærarar har likevel møtt opp heime hos han og forsøkt å motivere han til undervisning.

Læraren har undervist guten ei stund, og kom også denne morgonen heim til han. I dommen kjem det fram at guten blei sterkt provosert av at læraren kommenterte ein av kompisane hans, og bad henne gå. Deretter angreip han henne og tok kvelartak med begge hendene rundt halsen hennar.

Ein tilsett i institusjonen, som også var i rommet, styrta til og vrengde hendene hans bak på ryggen, slik at læraren kom seg laus. Då ho reiste seg opp, gjekk han etter og angreip henne på nytt.

Ifølgje dommen miste ikkje læraren pusten, men blei svært redd.

Særleg vern mot vald

Lærarar er til liks med fleire andre yrkesgrupper verna spesielt i lova, fordi dei er ekstra utsette for vald når dei er på arbeid.

Retten meiner det må reagerast strengt på valden, og det at det måtte ein tredjeperson til for å få slutt på det.

i formidlande retning har retten lagt vekt på at guten er ung og at han har vedgått det han har gjort. Det blir også nemnt at saksbehandlinga har vore noko lang.

Retten er dermed samd med aktor i guten kan dømmast til samfunnsstraff.

.