Hopp til innhold

Dømd for å ha svindla ektemannen

Ei kvinne i 40-åra frå Sunnmøre er dømd til fengsel i fem månader for grovt bedrageri og identitetstjuveri. Ifølgje dommen tok kvinna opp fleire lån i ektemannen sitt namn for å bruke på pengespel. Kvinna må betale nesten 800.000 kroner i erstatning til mannen. To månadar av fengselstraffa er på vilkår på grunn av lang saksbehandlingstid.