Hopp til innhold

Dømd for å ha stukke av etter påkøyrsel

Ein mann i 40-åra frå Nordfjord er dømd til fengsel i 60 dagar for å ha køyrt på ein mann i Herøy og stukke av. Han misser også retten til førarkort i fire år.

Mann funnet hardt skadd i Herøy

Ein mann blei funnen livstruande skadd etter å ha blitt påkøyrt her i desember 2015. No er sjåføren som køyrde han ned dømd til fengsel.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mannen som blei køyrt ned laurdag 12. desember 2015 blei livstruande skadd.

No blir sjåføren dømd til fengsel i 60 dagar og misser førarkortet for minimum fire år.

Robert Fonn
Foto: Anna Gytri / NRK

– Det var eit anna resultat enn det vi prosederte på, så vi vil først over helga avgjere om vi skal anke på dommen, seier forsvarar Robert Fonn.

For tiltalte nekta straffskuld, og meinte han burde frifinnast.

Fonn viser elles til at mannen misser førarkortet i fire år, og ikkje for alltid, slik aktor bad om.

Therese Lohne Boehlke er bistandsadvokat for han som blei køyrt på, og seier at han er fornøgd med at sjåføren får ein reaksjon etter å ha køyrt på og forlate ein hjelpelaus person. Utover dette meiner han straffa er alt for låg.

Mannen er i dag lam og har fått ein omfattande hovudskade.

Naboane høyrde smellen

Det var tidleg om morgonen 12. desember 2015 at mannen frå Nordfjord køyrde på herøymannen og deretter forlèt han.

Fleire naboar høyrde smellet, og etter kort tid blei han funnen av tilfeldig forbipasserande.

Mannen køyrde ein lastebil på 13 tonn og var på veg heim etter varelevering i Fosnavågen laurdag morgon.

Etterlyste bil

Volvo FE lastebil

Politiet gjekk tidleg ut og etterlyste ein slik bil, etter påkøyrselen i Herøy. Det gav resultat.

Foto: Volvo

Politiet gjekk etter kort tid ut og etterlyste ein Volvo varebil, samstundes som dei sette i gang jakta på vitne og bilar. Etter ei stund melde sjåføren seg, og i desember blei han sikta, men vedgjekk ikkje straffskuld.

I retten har han forklart at han gjorde alt han kunne for å unngå å køyre på den mørkkledde personen som brått sto ute i vegbana, og at han etter samanstøyten såg i sidespegelen at mannen sto på beina. Han konkluderte dermed med at han var uskadd.

I staden for å stoppe heldt han fram bilturen mot Nordfjord.

Les også:

Misser førarkortet i fire år

Nabolag Herøy

Det var i dette nabolaget mannen blei funnen livstruande skadd i desember 2015.

Foto: Roar Strøm

I dommen frå Søre Sunnmøre tingrett heiter det at tiltalte hadde ei klar omsorgsplikt for fornærma, sidan det var tiltalte som hadde køyrt på han.

Retten meiner mannen burde ha forstått at han hadde treft mannen og at han var hardt skadd. Tiltalte er yrkessjåfør og har dermed ei særleg plikt til å vere aktsam, heiter det i dommen.

Aktor ba om at mannen misser førarkortet for alltid, men retten er komen til at han skal miste det for minimum fire år. I dommen blir det vist til at mannen er yrkessjåfør og at dette difor vil råke han hardt, at mannen han køyrde på var mørkkledd og utan refleks, og at han raskt blei funnen av andre.