Hopp til innhold

Dømd for å ha stole diamantring til 400 000 kroner frå Posten

Ein moldemann i 20-åra må i fengsel etter at han stal ein diamantring til ein verdi av 400 000 kroner, og ei rekkje andre verdisaker. Alt skjedde medan han var tilsett i Posten.

Tingrett

Mannen i 20-åra sorterte systematisk ut dei postpakkane han trudde hadde eit verdifullt innhald.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Mannen i 20-åra har allereie ti dommar så seg då han fekk arbeid i Posten i Molde. Og dei verdifulle pakkane som kom inn på samlebandet, blei for freistande for han. I perioden frå mai til september i år tok han rundt 50 pakkar frå brevterminalen i Molde.

Ifølgje Romsdals Budstikke er han også domfelt for heleri, vald og kjøp av narkotika.

Stal pakkar til ein verdi av over 700 000 kroner

Ifølgje dommen inneheldt ein av postpakkane ein diamantring til 400 000 kroner. Dei andre pakkane inneheld mellom anna smykke og klokker, mobiltelefonar og nettbrett.

Samla hadde pakkane ein verdi på nesten 800 000 kroner, og verdiar for 170 000 kroner er ikkje kome til rette.

I retten forklarte mannen at han arbeidde med å sortere pakkar, og at han systematisk tok unna dei som han trudde hadde verdi og var enkle å omsetje.

Gøymde verdisakene på toalettet

For å få dei med seg heim frå arbeid, gøymde han dei under genseren eller jakka, tok dei med seg på toalettet og plasserte det han fann av verdi i himlinga på toalettet. Noko tok han så med seg heim igjen.

Mannen forklarte i retten at han trengde pengar, og at han først stoppa då han blei oppdaga av arbeidsgjevaren sin.

Mange klagar til Posten

I retten forklarte også Terje Ulfsten frå tryggleiksavdelinga i Posten Norge seg. Han forklarte at Posten fekk mange klagar om sakna pakkar, og sa at interne undersøkingar viste at pakkane sist var registrerte i Molde.

I etterkant starta Posten difor ei internt gransking, og kunne etter kvart sjå eit mønster som gjorde at dei fatta mistanke mot mannen. Overvakingskamera i terminalbygget viste også at mannen fleire gongar tok av seg genseren og forlèt samlebandet for å gå på toalettet samstundes som pakkane forsvann.

Slo til mot mannen og huset hans

Samstundes som Posten kalla inn mannen til eit møte, for å snakke med han om mistanken om systematisk tjuveri, gjekk politiet til ransaking av huset hans. Der fann dei fleire av dei sakna gjenstandane.

Mannen vedgjekk straffskuld i retten, men sa at han ikkje har tatt alt han er skulda for. Sju saker er han difor frifunnen for. Omlag 50 forhold må han likevel svare for.

I tillegg til fengselsstraffa på ti månader, må han betale Posten Norge 140 000 kroner i erstatning, og vel 5 000 kroner til forsikringsselskapet sitt.

Tre månader av straffa er på vilkår.