Ein 26-åring frå Søre Sunnmøre har fått ein vilkårsdom på 35 dagar i fengsel for bedrageri.
Retten meiner mannen brukte visakortet sitt i ein periode frå april til november 2002, utan at det var pengar på kontoen.
Totalt fekk han ut varer for 16.000 kroner.
Retten meiner han oppsøkte stader der han visste at pengane ikkje blei trekt frå kontoen med det same.
Mannen seier han gjorde dette fordi han trengte pengar til mat.