Hopp til innhold

Dømd etter knivhending

Ein person i 50-åra frå Sunnmøre er dømd i lagmannsretten til 87 timar samfunnsstraff etter ei valdshending i 2017. Personen var tiltala for å ha slått ein person i hovudet med flatsida av ein kniv, som brekte, så vedkomande fekk eit ni centimeter djupt kutt i hovudbotnen. Domfelte blei tidlegare frikjent i Sunnmøre tingrett, men statsadvokatembetet anka avgjeringa. Sunnmøringen er også dømd til å betale 22.500 kroner i erstatning og oppreising.