NRK Meny
Normal

Dømd etter å ha slått naboen i hovudet med balltre

Ein 32 år gamal volding er dømd til fengsel i seks månader for å ha slått naboen med balltre i hovudet fleire gongar. Retten meiner det valden lett kunne fått eit langt alvorlegare utfall.

Norges Lover

Ein voldamann er dømd til fengsel i seks månader for å ha slått naboen med balltre i hovudet fleire gongar.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Valden som naboen blei utsett for i fjor vår påførte han brot i kraniet og kinnbein. Dette førte igjen til at han blei sjukmeld i omlag åtte månader, at han har problem med husken og kraftig nedsett hørsel.

I dommen slår retten fast at valden lett kunne fått langt alvorlegare utfall, sidan naboen blei slått i tinningen.

Gjekk til naboen for å hente hjelp

Det var i mars i fjor at ein 32 år gamal voldamann kom heim frå fest, rusa på amfetamin og alkohol. Vel heime, konstanterte han at det hadde vore innbrot hos han, og gjekk over til naboen for å hente hjelp. Dette skjedde trass i at naboen hadde sagt klart frå at han ikkje ønskte besøk når 32-åringen var rusa. Begge tilhøyrde eit rusmiljø, men offeret forsøkte no å kome seg ut av misbruket.

Hevda det var naudvergje

I retten kom det fram at 32-åringen blei avvist hos naboen, men at han ikkje ville gå derifrå. I staden blei han ståande å slå hardt i husveggen med balltreet.

Då naboen etterkvart kom ut, gjekk han laus på han med balltreet.

I retten vedgjekk voldamannen at han slo to gongar, men hevda det skjedde i naudvergje etter at naboen først slo han med eit økseskaft utan blad. Retten meiner mannen ikkje var i ein naudvergjesituasjon. Tvert om meiner retten at han sjølv har aktivt oppsøkt situasjonen, trass i at han ikkje var ønskt hos naboen.

32-åringen blir også straffa for å ha brukt narkotika og hatt eit elektrosjokkvåpen.