NRK Meny
Normal

27-åring dømt i Kristiansund

Ein 27 år gammal mann frå Nordmøre er i tingretten i dag dømt til eitt år i fengsel. Saka starta i Nordmøre tingrett denne veka, og klokka 14 fekk den tiltalte dommen forkynt.

NORDMØRE TINGRETT

Dom fall i Nordmøre tingrett i ettermiddag.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Mannen erkjente seg delvis skuldig då rettssaka opna måndag. Han var tiltalt for seksuelle overgrep mot fleire mindreårige jenter. Ifølge tiltalen skulle jentene ha blitt betalt med brennevin og pengar. Overgrepa skal ha skjedd fleire stader her i fylket og også i Oslo.

Dommen for nordmøringen er på eitt år i fengsel, tre månader er på vilkår. Han må og betale 40 000 kroner til kvar av dei tre jentene i erstatning.

Forsvarar Geir Kvande meiner både skuldspørsmålet og straffeutmålinga må ankast, men dei vil bruke helga til å bestemme seg for det, seier han.

Trudde jentene var over 16 år

Nordmøre tingrett

Aktor i saka var Merethe Falkevik (t.h).

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det var den 27 år gamle mannen som først forklarte seg i retten, og han vedgjekk altså delvis det han var tiltalt for. Men han forklarte at han aldri betalte for sex, og hevda dessutan at han hadde fått forståing av at jentene var over 16 år. Dette var også eit viktig punkt å få avklart for retten.

Jentene fortalde på si side korleis dei hadde opplevd tilboda frå mannen, og korleis hendingane hadde verka på dei i ettertid.

Mannen vedgjekk at han hadde gjort noko dumt, men viser til at han var sjuk på den tida dette skjedde. Han er redd for at vener skal vende seg bort frå han og at det er slutt på karriera han hadde.

Aktor kravde to år i fengsel for 27-åringen.