NRK Meny
Normal

I kveld er det premiere på Vigrasenderen

Vigramasta stod som eit landemerke. I kveld viser NRK dokumentar om kringskastingshistoria i Ålesund.

Vigramasta fall

I 2011 vart Vigramasta reven og ei 76 år lang kringkasterhistorie var over.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

I kveld blir den fascinerande kringkastingshistoria i Ålesund fortalt, frå pionertida i 1924 til det store mastefallet i 2011. I 1935 vart Vigrasendaren etablert, men i fleire år før det hadde det vore radiosendingar med ulike sendarar.

Radiomasta på Vigra dekte eit enormt område, inkludert Island, Svalbard og Færøyane. I 1952 kom den nye radiomasta og den raga nesten 230 meter over bakken og var det høgste byggverket i Norden.

LES OGSÅ:

Radio var høgtideleg

– Radio var høgtidleg og spennande på den tida. Men det var ikkje alltid like høyrbart. Det kunne vere både skurring og skraping. Av og til datt sendaren ut når det var dårleg ver, fortalde tidlegare distriksjef ved NRK Møre og Romsdal, Asbjørn Gjerde, før Vigramasta vart rive.

– Men Vigra var i alle sine hjarte, alle var nøydde til å ha eit forhold til sendaren på Vigra.

Farleg for fly

Likevel var det ikkje alle som var like glade i det ruvande landemerket. Heilt sidan 70-talet kjempa flygarforeiningane for å få fjerne masta, fordi dei meinte den hindra innflyginga til Vigra og utgjorde ein fare.

8.september 2011 vart masta rive.

Turid Røsvik som var radioteknikar på Vigra kringkaster og er ei av eldsjelene i kringkasterens venneforeining, er den som formidlar historia i kveld.

Fjør i hatten

Det er Aalesund Smalfilmklubb som står bak filmen. Dei deltok i norgesmeisterskap for filmklubbar i fjor og sendte inn programmet om Vigramasta. Sjølv om dei ikkje gjekk til topps i konkurransen, vart dei vurdert av NRK.

Produsent Arild Pettersen seier at filmklubben gler seg stort til å få sendt filmen.

– Det er godt gjort for ein liten amatørklubb å få vist filmen i beste sendetid på NRK 1. Det er ei fjør i hatten, seier Pettersen.

I kveld klokka 21.30 vert «Vigrasenderen» vist på NRK 1

Ho har stått som eit landemerke sidan 1952. I dag var det slutt. Med dynamittladningar vart bardunane sprengde og masta fall til bakken.

MASTEFALL