Hopp til innhold

Dokka fekk eigen ferjebillett: – Eg fekk meg ein god latter

Ferjeturen kunne fort blitt dyrare enn planlagt for Stig Korsnes. «Brura» i framsetet hadde nemleg betalt full pris.

Stig Korsnes med utstillingsdokke

Hendinga måtte forevigast, og kommentarane på facebook har ikkje late vente på seg

Foto: Eve Lis Eikrem

Fredag ettermiddag set Korsnes seg i bilen for å frakte dokka til ei utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Dokka er stor - for stor for bagasjerom og baksete. Og han vil helst ikkje skitne til brurekjolen som skal vere ein del av utstillinga.

Resolutt set han dokke inn i passasjersetet ved sidan av seg og køyrer av garde. Han tenkjer ikkje meir på den heller smålåtne «passasjeren» - før han kjem på ferja.

– Eg tenkte først at billettprisen hadde stige veldig for ein einsleg bil, så det var nok difor eg ein ekstra titt på kvitteringa, seier han og flirer litt.

Fekk pengane igjen

«Bil og ein», står det på lappen. Han ler godt når han forstår at det er utstillingsdokka som har blitt tatt for å vere passasjer.

– Eg sa frå til ferjemannskapet og dei var kjempegreie. Dei lo like godt som meg og ga meg pengane tilbake.

Han har stor forståing for feilen.

– Det er klart, det er fort gjort. Det var mange bilar i kø, og dokka kan nok sjå ut som ein person om du tittar kjapt inn.

For han er hendinga ei god historie.

– Eg fekk meg jo ein god latter, og det gjorde nok ferjemannskapet også.

– Var nok vanlegare før

Ler gjer også styrmann Atle Myklebust på BF «Storfjord» når NRK ringer. Han kom på jobb i dag og kjenner ikkje til kva for ei ferje det gjeld.

– Nei, men så lenge det gjekk bra, er det jo ei god historie, seier han med eit smil.

Myklebust seier det nok var vanlegare med slike hendingar før, då dei tok billettar ombord.

– No har vi betre oversikt. Men er det fullt på kaia er det jo travelt der også.

– Skal passe betre på

Utstillinga i Ørsta opnar ikkje før fredag. Før den tid skal det fraktast fleire dokker mellom kleskunstnaren Judith Bech i Haram og Kunsthuset der. Korsnes seier han skal passe betre på.

– Neste gong trur eg dei må site i baksetet, då er det i alle fall halv pris, seier han og ler.