I dag heldt rettssaka mot ei kvinne i 20-åra fram i Møre og Romsdal tingrett. Kvinna er tiltalt for aktlaust drap og aktlaus køyring etter dødsulykka i Blindheimstunnelen på E39 i Ålesund i fjor sommar.
Kirsti Nedregård (51), Kathrine Krogen (47) og Janice Karina Buen (49) omkom i ulykka.
I retten bad aktor Magne Kvalvik om fengsel i eitt år og ti månader for den tiltalte kvinna. Han meiner ho handla grovt aktlaust i forkant av ulykka og at køyremåten hennar hadde eit stort skadepotensial. I tillegg vektla han at ulykka førte til tre døde og fire skadde, inkludert ho sjølv.
Kvalvik meinte at ei straff på to år hadde vore passande, men at kvinna bør få to månader strafferabatt fordi ho har erkjent straffskuld. Han ber også om at ho blir dømd til å miste førarretten for alltid.
– Ikkje ein kynisk drapsmann
Forsvararen til kvinna, Reidar Andresen, meiner det ikkje er gode nok bevis for å konkludere med at ho køyrde i 116 kilometer då ulykka skjedde, slik som påtalemakta hevdar.
Han bad om at hans klient blir behandla på mildast mogleg måte, og sa at ho ikkje er ein kynisk drapsmann.
Andresen meiner ei passande straff er ein plass mellom eitt år og tre månader og eitt år og seks månader. Han ber også retten vurdere å la seks månader av straffa vere på vilkår.
Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland ber om at kvinna må betale inntil 170.000 kroner til kvar av dei sju etterlatne. Kvinna har tidlegare akseptert å betale erstatningskrav i saka.
Dommen i saka kjem torsdag 16. mars.
– Hadde vore ein fin kveld
Det blei kjensleladd då ei venninne av dei omkomne vitna i retten.
Ho og dei tre kvinnene hadde vore på sommarshow ilag. Venninna fortalde at dei hadde hatt ein fin kveld med mykje latter og god stemning.
Kvinna sat på i ulykkesbilen heim, men gjekk av like før ulykka. Først seinare på natta blei ho klar over at det hadde skjedd ei ulykke.
– Eg opna avisa, såg at det var Blindheimstunnelen og klokkeslettet for ulykka. Eg tenkte: shit det er jo då dei skulle ha køyrd gjennom, forklarte venninna.
Ho sende så ei melding til ei av venninne i bilen, utan å få svar. Ho sov dårleg heile natta og fekk ei dårleg kjensle då ho framleis ikkje hadde fått svar morgonen etter. Då ho fekk vite kva som hadde skjedd tok ho det svært tungt, forklarte kvinna gråtande i retten.
– Verda stoppa opp
Også kjærasten til Kathrine Krogen (47) sat på heim, men gjekk av før kollisjonen.
Han fekk vite om ulykka kort tid etter at han kom heim.
– Verda stoppa opp då eg fekk høyre om ulykka. Eg sjekka om meldinga eg hadde sendt til kjærasten min hadde blitt opna, og den stod framleis som ulest, forklarte mannen.
Tydeleg kjensleladd bad han retten om å dømme den unge sjåføren hardt. Han bad dei gi ei straff som samtidig gir eit tydeleg signal, både til tiltalte og andre sjåførar, om at køyring i høg fart har store konsekvensar.
Den tiltalte kvinna sat med hendene framfor ansiktet medan dei to vitna forklarte seg.
Har undersøkt farten til bilane
Statens vegvesen har mellom anna sett på videoopptaka frå tunnelen og henta data frå den «svarte boksen» i den kvite bilen som den tiltalte køyrde. I tillegg har dei gjort eigne utrekningar for å finne farten til bilane.
Ifølge deira undersøkingar skal den tiltalte kvinna ha gassa på få sekund før ulykka. Det forklarte overingeniør Tomasz Mleczko. Ifølge han skal bilen ha hatt ei fart på 116 kilometer eit halvt sekund før ulykka. Då hadde bilen byrja og skrense og gassen var ikkje trykt inn. Det kan likevel vere ein liten feilmargin på denne hastigheita.
Mleczko meiner derimot at han med sikkerheit kan seie at bilen, som den tiltalte køyrde, hadde ei fart på mellom 100 til 120 kilometer i kollisjonshastigheit. Den møtande bilen, som dei tre kvinnene som omkom sat i, skal ha hatt ei fart på mellom 55 og 75 kilometer i kollisjonshastigheit.
Kvinna i 20-åra er tiltalt for å ha køyrd i over 90 kilometer i timen inn i Blindheimstunnelen og for å så ha gassa på. Det førte til at ho mista kontrollen over bilen og kom over i feil køyrefelt.
Mleczko forklarte også at bilen som dei omkomne sat i blei slengt opp i tunnelveggen. Begge bilane skal ha vore i god teknisk stand og Statens vegvesen har ikkje funne noko feil med bilane som skal ha hatt betydning for ulykka. Den kvite bilen var større enn den grøne.
Den tiltalte og passasjerane i den kvite bilen fekk lettare til moderate skader. Fleire av dei fekk brotskadar.
Erkjente straffskuld
Kvinna i 20-åra erkjente straffskuld for begge tiltalepunkta då rettssaka starta tysdag.