Hopp til innhold

Dødsulukke i Brusdalen

Ein person omkom i ei trafikkulukke på E39 ved Brusdal aust for Ålesund torsdag ettermiddag.

Trafikkulukkke Brusdalen

DØDSULUKKE: Ein person omkom i ei alvorleg ulukke i Brusdal torsdag ettermiddag.

Foto: Kristoffer Antonsen

Det bekreftar Sunnmøre politidistrikt like etter klokka halv sju torsdag kveld.

– Det har vore ei møteulukke mellom ein tankbil og ein mopedist, der føraren av mopeden er bekrefta omkomne, seier Sindre Molnes, innsatsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Ingen andre skal vere fysisk skadd i ulukka, men føraren av tankbilen skal vere prega av det som har skjedd.

Det var like før kl. 16.00 at Sunnmøre politidistrikt opplyste at det hadde skjedd ei alvorleg trafikkulukke på E39 ved Brusdal i Skodje kommune.

– Undersøkingar på staden og vitneobservasjonar kan tyde på at mopedisten har kome over i motgåande køyrefelt og kollidert med tankbilen, seier Molnes.

Vegen open

Klokka kvart på åtte torsdag kveld kunne politiet fortelje at E39 Brusdalen igjen er open etter ulukka tidlegare i dag.

Politiet held tidlegare i kveld på med arbeid på åstaden, men desse er no avslutta.

– Vi har hatt kriminalteknikarar på staden som har gjort undersøkingar. I tillegg skal ulukkeskommisjonen frå Statens vegvesen gjere sine undersøkingar, seier Molnes.

Vegen var stengd i fleire timar og politiet dirigerte trafikken inn på Gamle Brusdalsveg fram til vegen igjen vart opna like før klokka åtte.