Når livet nærmar seg slutten, anten på grunn av ein langtkomen kreftsjukdom eller ein annan sjukdom, er målet at kommunane no skal innføre ein plan for kvar pasient.
– Målet er å skape tryggleik, skape føreseielegheit både for pasienten, dei pårørande og også helsepersonell, seier kreftkoordinator Merete Kløvning er i ressursgruppa for Palliativ plan. På den måten får ein sikra at dei sjuke får vere med å bestemme.
Plan for livet
Spørsmål som vert stilt til pasientane er kva som er viktig for dei i denne situasjonen og vidare framover. Det vert også fokusert på kva som er viktig for dei pårørande. Planen er slett ikkje berre for dei som er så sjuke at det ikkje finst behandling.
– Dette er ein plan som kan gå parallelt med anna behandling. Det er ikkje ein plan for å døy, men ein plan for livet fram til døden, forklarar Kløvning. Det overordna målet er livskvalitet. Difor er smertelindring eit viktig stikkord.
– Visst målet til pasienten er å vere heime så lenge så mogleg, må ein gå gjennom situasjonen og sjå for seg kva som kan skje og legge planar for symptomlindring, seier Kløvning. På den måten kan ein unngå å bli innlagt på sjukehus ei helg eller å måtte ta kontakt med legevakta som ikkje kjenner pasienten.
Sula er pioner
Fleire kommunar i Møre og Romsdal har allereie arbeidd i fleire år med slike planar. Sula starta i 2011 og fleire Romsdalskommunar har brukt verktøyet. For to år sidan vart det oppretta eit felles samarbeid for å innføre planen i alle kommunane, slik at alle får likt tilbod.
– Det er viktig at uansett kvar du bur, om du er nært sjukehus eller ikkje, så skal du få eit best mogleg tilbod i kommunen din, seier Kløvning.
Under den store Omsorgskonferansen i Molde torsdag vert planen presentert for 250 helse- og omsorgsarbeidarar frå heile fylket.