- Bakgrunn:
Det er 23 år sidan den tragiske brannen om bord i passasjerferja «Scandinavian Star» mellom Oslo og Frederikshavn.
I dag blei det klart at ei ny gransking har konkludert med at mannskapet om bord i båten både stod bak brannen og saboterte redningsarbeidet.
- Les også:
– Har visste dette heile tida
Rapporten, signert fleire fagfolk, skipsekspertar og brannfolk- og etterforskarar involvert i 1990, konkluderer med at:
- Minst fire brannar blei tent på kvar for seg. Den hittil antekne gjerningsmannen døydde i brann nummer to.
- Brannen var forsikringssvindel utført av minst tre mannskapsmedlemmer om bord.
- Dei skuldige manipulerte ventilasjonssystem, branndører og sløkkesystem for å sikre maksimal brannspreiing.
– Alle vi som har jobba med saka i etterkant har visste verkelegheita lenge. Dette har vi visst heile tida, men ingen har brydd seg, seier Kristen Blindheim.
- Les også:
Skal ha sett gjerningsmann to gonger
– Du har hatt denne mistanken heile tida?
– Ikkje mistanke, nei. Eg såg sjølv personen sjølv før eg sløkka første brannen. Han passerte i korridoren framfor meg, før eg trefte på han igjen då vi måtte ut av skipet etter at brann nummer to ikkje var råd å sløkke.
– Då måtte vi evakuere, og eg møtte same personen som eg hadde sett tidlegare, hevdar Blindheim.
Blindheim var om bord «Scandinavian Star» i eit reisefølgje på sju. Han var éin av to vaksne saman med fem unge bordtennisspelarar frå Sykkylven.
– Eg fekk ikkje sove den natta
Historia til Blindheim er av den svært dramatisk sorten. Ulukkesnatta på «Scandinavian Star» var nemleg ei søvnlaus ei for Blindheim – heldigvis.
– Eg fekk ikkje sove den natta. Eg prøvde, men eg klarte rett og slett ikkje å slappe av. Etter éin time høyrte eg at det styra i korridorane utanfor lugaren.
Han høyrte fleire lydar på døra, før han snudde seg i senga og såg at dørklinka var teke ned.
– Før ho gjekk sakte opp igjen. Så heldt personen utanfor fram med å opne branndøra ved sidan av lugardøra vår, før han forsvann. Så blei det stilt.
Saka held fram under bildet.
Bykste ut og møtte flammane
Kristen Blindheim snudde seg igjen, for å sove, men etter kort, kort tid høyrde han knitring.
– Då bykste eg opp og låste opp døra. Eg såg flammane stå i taket og røyken kom sigande inn i lugaren. Eg måtte tenkje lynraskt og brølte høgt til alle på rommet.
Mannen frå Sykkylven visste godt at det var mykje folk like ved, så han tok straks til med sløkkjearbeidet.
– Eg kunne ikkje springe av skipet utan å gjere noko. Eg var kjapt bort til sengene i lugaren og reiv med meg alt eg klarte av sengeklede, før eg sprang ut i underbuksa.
– Eg stupte mot flammane i korridoren og kvelte dei så langt eg klarte. Etterpå hadde eg på ni bøtter med vatn. Den siste bøtta gjekk i veggen, for det var brent eit stort hol i veggen – på over ein meter.
Med rask tankegang, og ein kraftanstrengelse ved å løfte ei tung branndør på plass, fekk han sløkt og stengt ute flammar og røyk.
– Mannskapet sa at alle var berga
Etter sløkkearbeidet banka han på lugardørene i korridoren og fekk varsla andre.
– Du fekk redda svært mange før du forlét skipet?
– Ja, eg var den siste som gjekk i livbåt av passasjerane. Men eg hadde aldri gått i ein av livbåtane hadde det ikkje vore for at éin i mannskapet sa at alle var berga.
– Så då gjekk eg i livbåt. Som siste person, fortel Kristen Blindheim.
Blindheim har slite i etterkant av dødsbrannen, men har ved fleire høve fortalt historia si. Til Dagbladet i 2003 var svensk politi tydelege på kva innsatsen til sunnmøringen hadde å seie.
– Dei i korridoren kan takke Blindheim for livet, sa politiinspektør Agne Knutsson i Uddevalla-politiet for 10 år sidan.
Blindheim var om bord på «Scandinavian Star» for 23 år sidan, på veg til ei bordtennisturnering i Danmark. No håper han den verkelege sanninga kjem fram, éin gong for alle, avsluttar han i intervju med NRK.