Hopp til innhold

Døde av hjerteinfarkt

Det var 46 år gamle Dirk Kreutziger frå Averøy som miste livet under sjarkfiske mellom Andøya og Senja tidlegare i veka.

Kystvaktfartøy leiter etter sjarkfiskar frå Averøy

FUNNEN DØD OMBORD: Kystvaktfarty leitar etter sjarkfiskar frå Averøy utanfor Andøya.

Foto: NRK

Sjarken til Kreutziger vart meldt sakna onsdag denne veka og det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon.

Politiet opplyser at 46-åringen døydde av eit hjerteinfarkt om bord i båten.

Sterk kuling

Det var onsdag klokka 10 at båten med ein person ombord, vart meld sakna i området mellom Andøya og Senja. Då hadde den ikkje vore sett sidan morgonen før.

Lea Marie, ein 35 fots Viksund-sjark, gjekk ut frå Senjahopen i Troms i 05-tiden tirsdag.

Les også:

Hovedredningssentralen for Nord-Noreg gjekk ut frå at båten hadde vore på veg mot Malangsgrunnen eller Sveinsgrunnen.

Det var ein annan fiskebåt i det same området som varsla redningssentralen.

Det var svært dårleg ver i søkeområdet, etter kvart sterk kuling og tett snødrev.

To kystvaktskip

Båtar i farvatnet ble bedne om å halde utkikk, og kystvaktskipa KV Senja og KV Harstad, eit helikoptar og to redningsskøyter var med i leitinga. Eit Orionfly frå skvadronen på Andøya vart hindra frå å delta i leitinga av det dårlege veret.

Eit av Kystvaktas helikoptere fann båten natt til torsdag, drivande 35 nautiske mil frå Andenes. Kreutziger vart funnen omkomen ombord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL