NRK Meny
Normal

Ny alvorleg fallulykke ved skipsverft i Sula

Mannen som blei funnen død på Fiskerstranda i Sula søndag ettermiddag har truleg falle frå ein dokk på eit verft i Sula. Dette er den andre alvorlege fallulykka ved verftet på kort tid.

Ulykke Sula

Ein person er funnen død på Fiskerstranda i Sula. Politiet rykte først ut etter melding om ein livlaus person, som viste seg å vere død.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Klokka 17.40 melder politiet at personen som er funnen død er av utanlandsk opphav, og truleg har falla frå ein dokk ved eit verft i Sula.

Det er ingen indikasjonar på at det har skjedd noko straffbart.

Rykte ut til livlaus person

Politiet rykte først ut til Fiskerstranda saman med helsevesenet like før klokka 15, etter å ha fått melding om ein livlaus person. Denne personen blei så funnen død då dei kom fram.

Søndag ettermiddag sende politiet krimteknikarar til stades for å vere sikre på kva som har skjedd.

Andre ulykka på kort tid

Det er den andre alvorlege fallulukka ved Fiskerstrand verft i Sula på under fem månader. I midten av august blei ein russar alvorleg skadd etter å ha falle ti meter under sveisearbeid på ein båt.

Leiinga ved Fiskerstrand verft hjelper søndag ettermiddag politiet i arbeidet etter dødsfallet. HR-kommunikasjonssjef Elise Gjermundrød seier dei har kontinuerleg fokus på tryggleiken, men at det er for tidleg å seie kva for tiltak dei eventuelt vil setje inn.

Dette arbeider vi med kontinuerleg, seier ho.

Men kva tenkjer du om at de no opplever den andre alvorlege fallulykka på fem månader?

Det har eg ingen kommentar til, seier ho.

Ho seier det for tidleg å seie kva for tiltak verftet eventuelt vil setje i verk etter dødsfallet søndag.

Ulykke Fiskerstrand verft

Det er den andre alvorlege fallulykka ved Fiskerstrand verft på fem månader.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Les også:

Russisk fiskebåt

Ifølgje skipsagent Åge Gangsøy, som representerer det russiske reiarlaget, kom fiskebåten inn til kai i Fiskerstranda i Sula torsdag kveld. Båten skal reparerast og blir etter planen liggande i ein månads tid. Det er eit mannskap på 36 om bord.

Gangsøy seier dei no vil sørge for å få frakta den omkomne heim igjen til dei pårørande.