Hopp til innhold

Død mann funnet på strand i Giske

Ein person i 30-åra blei natt til tysdag funnen død på ei strand i Giske kommune utanfor Ålesund. Politiet trur ikkje det har skjedd noko kriminelt.

Personen blei funnen utandørs på Blimssanden på Vigra i Giske kommune på Sunnmøre.

Det var natt til tysdag at politiet blei varsla om ein død person i Giske kommune på Sunnmøre. Det var privatpersonar som meldte frå og politiet har starta ei etterforsking av saka.

– Det er ikkje noko som tyder på at vedkommande har vore utsett for noko kriminelt, seier politiadvokat, Ynge Skovly.

Mannen vart funnen på Blimssanden på øya Vigra i Giske kommune.

– Den mest aktuelle hypotesen no er at han har blitt skylt på land, men vi veit framleis ikkje kva dødsårsaka er, seier Skovly.

Mannen er sendt til obduksjon, den blir truleg klar i morgon.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Påverkar lokalsamfunnet

Politiet er ikkje hundre prosent sikker på identiteten til vedkommande.

– Vi trur det er ein mann frå Aust-Europa, men har ikkje fått dette stadfesta nøyaktig, seier Skovly.

Dei pårørande er framleis ikkje varsla. Politiet har gitt informasjonen vidare til Kripos, som vil varsle familien til den avdøde.

Harry Valderhaug, ordførar i Giske kommune, fortel at han nettopp har blitt varsla om dødsfallet då NRK kontaktar han i 13.00-tida.

– Mine tankar går sjølvsagt til dei som har mista nokon dei er glad i, seier Valderhaug.

Kommunen har gjort kriseteamet sitt tilgjengeleg om det vil vere behov for det. Eit slikt dødsfall påverkar ei kommune med om lag 8000 innbyggjarar.

– Det er trasig for lokalsamfunnet når noko slikt skjer i kommunen vår, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL