Hopp til innhold

Den døde kvalen har blitt ein attraksjon

Den daude kvalen som vart funnen daud i Tennfjord torsdag har fått mykje merksemd av både barn og vaksne.

Ein daud kval har blitt attraksjon i Tennfjord i Haram. I fleire veker har kvalen leika seg i fjorden, men i går døydde han i fjøresteinane rett nedfor eit byggefelt. No er det valfart for å sjå kvalen.

Nils Kristen Skaar, avdelingsingeniør i Haram kommune

Nils Kristen Skaar, avdelingsingeniør i Haram kommune, seier at kvalen er fersk og det vil ta lang tid før han kjem til å lukte vondt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Thomas Myklebust

Thomas Myklebust trur at foreldra til kvalen er lei seg for at han har døydd.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I fleire veker har kvalen leika seg i fjorden, men torsdag døydde han i fjøresteinane rett nedfor eit byggefelt. No er det valfart for å sjå kvalen.

Kvalen er stranda rett ved eit bustadfelt og innbyggjarane er uroa for at det vil utvikle seg ei kraftig lukt. Kommunen har vore borti slike situasjonar tidlegare og veit kva som må gjerast.

Kan bli liggande

Nils Kristen Skaar, avdelingsingeniør i Haram kommune, trur at kvalen kan bli liggande i fleire veker før den må fjernast.

– Den blir liggande her ei stund til slik at alle som er nysgjerrige på kvalen får sjå, seier Skaar.

Mange er interesserte i å sjå kvalen. Fleire barn har tatt turen i fjøra. Thomas Myklebust fortel at han har sett kvalen svømme i fjorden tidlegare i veka.

– Eg trur at mora og faren til kvalen er lei seg no som han er daud, seier Thomas.

Grindkvalen er mellom fire og fem meter og veg truleg opp mot fem tonn. Barna synst at kvalen er litt ekkel, men det er òg spennande å undersøke tenner, auge og pustehol.

Død hval Tennfjord

Borna var veldig nysgjerrige på den daude kvalen og undersøkte alt frå munn, pustehol og auge.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK