Død etter trafikkulykke

Den 29 år gamle Ida Finnøy Myhren døydde på Haukeland universitetssjukehus i Bergen i går ettermiddag. Ho var passasjer i ein bil som var innblanda i ei trafikkulykke ved Austefjord i Volda, og dotter til den 62 år gamle Laila Finnøy som døydde på staden søndag føremiddag. Ei anna dotter ligg framleis alvorleg skadd ved Ålesund sjukehus, og situasjonen for dei øvrige er uendra.