Dobla omsetninga i sommar

Det har vore ein rekordsommar for butikkane på typiske turiststader. I hyttekommunane hentar butikkane inn ein femtedel av omsetninga si i juli og august, ifølgje organisasjonen Virke. Omsetninga på Joker i Eidsbygda i Rauma ser ut til å bli meir enn dobla i forhold til fjoråret i løpet av mai, juni, juli og august. – Det har vore ein fantastisk sesong. Fantastisk omsetningsvekst, spesielt i mai, seier dagleg leiar Ann Iren Lislien.

Joker Eidsbygda
Foto: Roar Strøm / NRK