Hopp til innhold

Først krasja to bilar, så krasja to bilar til – tre personar er frakta til legevakt

Klokka 15.16 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Hareid sentrum. Det viste seg å vere to ulukker på same stad.

Ulukke på Hareid

Ulukka skjedde i eitt kryss ikkje langt frå ferjekaia på Hareid.

Foto: Andreas Rise

– Først kolliderte to bilar. Medan det blei rydda opp i den første, køyrde ein tredje bil inn i ein fjerde, opplyser operasjonsleiar Per-Martin Bjartan til NRK klokka 16.25.

Fire bilar er involvert i ulukkene som politiet først fekk melding om klokka 15.16.

Blei meldt om nakkeskadar

Den første meldinga politiet fekk inn tyda på at ulukka ikkje var svært alvorleg.

– Men det er meldt om nakkesmerter. Vi veit lite per no, sa operasjonsleiar Per-Martin Bjartan til NRK klokka 15.35.

Etter kvart blei det klart at i alt tre personar blei sende til legevakta i Ulsteinvik.

– Til saman veit vi ikkje kor mange som var i bilane. Då politiet kom til staden hadde dei fleste reist. Tre personar er køyrde til legevakta i Ulsteinvik, det veit vi.

Bjartan seier til NRK at det skal vere tre vaksne som er til sjekk.

Laster Twitter-innhold

I Hareid sentrum

Ulukka skjedde i krysset Soffibakken/Strandgata i Hareid sentrum, ved innkøyringa til båthamna, opplyser politiet.

Alle naudetatane blei sende til staden.

– Politiet er på staden og tek imot forklaringar no. Sak blir oppretta på begge ulukkene og etterforska vidare, seier Bjartan.

NRK følgjer saka.

Trafikkulukke på Hareid