– Vanlegvis er dette ein god hage, men det var det altso ikkje i år, seier Ruset.
Han står i eine plommehagen sin på Linge på Indre Sunnmøre mellom 80–90 tre.
I alt fann han 19 plommer her i haust.
– Og då plukka eg alt eg fann også, og det var ikkje alt som var like bra. Det var veldig dårleg, seier Ruset.
I overkant av tusen norske bønder i år søkt Landbruksdirektoratet søkt om erstatning for sviktande avlingar. I fjor kom der inn litt under 500.
Berre lauv. Slik skal det jo vere om hausten, men slik var det også i sommar, då trea til Ruset eigentleg skulle vore tunge med frukt.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Tørke og flaum
Problemet for fruktbonden på Nordvestlandet var kulde. Etter nokre dagar med varme og ivrig pollinering av biene, blomstra plommetrea hans som vanleg. Men so kom ein kuldeperiode som øydela alt.
– Det blei ikkje frukt av det, i alle fall veldig mykje mindre enn det som er vanleg. Knapt ein prosent, seier Ruset.
Kulde for fruktbøndene og mykje regn for dei som driv med dyr og grønsaker – dette var oppskrifta på dårlege avlingar i vest og i nord.
På Austlandet var det varme og tørke som gjorde at bøndene fekk mindre i hus enn venta, fortel seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet Grete Mari Sand.
– Det er fleire som søkjer i år enn i fjor. Og so er jo dette ei tilskottsordning som varierer mykje frå år til år, for den er jo klimatisk avhengig, seier Sand.
So og seie heile Noreg var varmare enn vanleg i år. Av stadane der ein driv landbruk, var det i aust- og innlandet so varmt og tørt at dei fekk dårlegare avlingar.
Illustrasjon: SeNorge / NVEOrdninga har ei ramme på 92 millionar kroner. Kor mykje som vert utbetalt avheng av kor mange som søkjer.
Trass i ei auke i år er det langt unna tørkeåret 2018. Då fekk norske bønder utbetalt 1,6 milliardar kroner.



Ruset understrekjer at det ikkje var biene på garden som feila då plommene vart øydelagde – dei gjorde jobben sin.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKKryssar fingrane for neste år
På eit godt år får Ruset opp mot fire tonn plommer. I fjor, som var eit dårleg år, fekk han kring tre tonn. I år fekk han 90 kilo.
Dei dårlege tilhøva råka også nabogardane som også driv med frukt.
– Det er bra at det finnast slike avlingsskadeordningar. Eg trur det er fleire her i grenda som søkjer om det. Det syner seg jo at det er vanskeleg av og til, og då må ein ha litt bistand, seier han.
Men han mister ikkje motet. Trass i at epla også vart råka, både av kulda og rognebærmøll, gjekk det betre med dei.
– Vi får krysse fingrane og satse på ein betre sesong neste år, seier Ruset.
Neste år håpar Bjørn Inge Ruset på litt meir enn 19 plommer frå hagen sin – so sant vêret er med på laget.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK