Dalsnibba er endepunktet på Nibbevegen. Kvart år har det femten hundre meter høge fjellet 160 tusen besøkande frå juni til september. Men mulegheit for å gå på toalettet har dei ikkje hatt.
Eit sakn
- Toalett har rett og slett vore eit sakn, seier dagleg leiar i Geiranger Skysslag, Rita Berstad Maraak.
Neste sommar skal det nye servicebygget takast i bruk. Det vert 75 kvadratmeter stort, der femti kvadratmeter vert eit opphaldsrom.
Får frie hender
No søkjer skysslaget etter nokon som vil drive servicebygget.
- Vi har ikkje akkurat vorte nedringte, men dei som har tatt kontakt har vore seriøse, seier Rita Berstad Maraak.
Ho seier vidare at leigetakaren vil få frie hender til å bruke opphaldsrommet til dei aktivitetane han sjølv måtte ønske, innanfor visse rammer.