Turen på Sulafjellet startar fint på grusveg, men går over i snaufjell og vill natur etter eit par kilometer.
800 ungdomar frå ulike skular skal prøve å nå Vardane denne dagen. Der ventar panoramautsikt, meistringsglede og ein topp som ligg 772 meter over havet.
8.-klassingar på veg ned att etter ein skuledag på fjellet.
Foto: Tore Ellingseter / NRK– Dette er veldig positivt. I skuletimane tenkjer eg ofte vil burde vore meir ute og bevege oss meir. Dette er ein fin måte å få oss ut på.
Alida Brandshaug er strålande blid etter skuledagen i friluft. Ho nådde toppen i lag med vennar frå Giske ungdomsskule. Det blei nokre fall i ulendt terreng, men det gjorde ingenting.
– Eg har vakse opp med å gå mykje på fjellet, men eg bur på ei flat øy, så det har ikkje blitt så mykje i det siste.
Vil ha tur på timeplanen
Alida fortel at det blir ikkje blir til at ho går ut etter skulen når ho kan sitte inne med mobilen.
Ho meiner skulen bør tilby fleire slike dagar, og då gjerne halve dagar.
– Vi har mange små fjell og korte turar vi lett kan ta heime på Giske. Det bør vere mykje meir implementert i skuledagen.
Det er fin grusveg på delar av ruta på Sulafjellet.
Foto: Tore Ellingseter / NRKTurglede med Opptur
Sidan 2004 har Den Norske Turistforening arrangert Opptur i samarbeid med skulane. Det gjer dei rett og slett for å gje 13- og 14-åringane ein smakebit på friluftslivet, og gjere dei kjende med turar i nærområdet.
Opptur-datoen er 3. mai, men med lokale dato-variasjonar. Ungdom kan velje mellom ei lang og ei kort rute.
Over 30 000 var med på Opptur før pandemien. I år kan over 20 000 ungdomar skilte med å ha gått om lag ei mil. Nesten 70 skular frå heile landet er påmelde.
Nedtur etter opptur. Elevar på veg ned etter å ha vore på toppen Vardane på Sulafjellet.
Foto: Ingrid E. Gjelsvik9 av 10 går på tur
Ein kort fottur er faktisk den vanlegaste friluftsaktiviteten for barn og ungdom mellom 6 og 15 år. 92 prosent sa dei hadde gått ein tur på under tre timar i løpet av året. Det syner levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå frå 2020.
Den Norske Turistforening trur likevel rekruttering er viktig. Det fortel Kristin Oftedal. Ho er fagansvarleg for barn og unge i DNT.
– Vi er uroa for ungdom som ikkje er i aktivitet og som ikkje kjenner til turområde i nærmiljøet. Ved å gjere dette i skuletida, så må alle vere med.
Kristin Oftedal er fagsjef for ban og unge i DNT. Ho trur OPPTUR gjer at ungdom oppdagar turgleda.
Foto: Privat– Mange får ei a-ha oppleving når dei oppdagar at dei faktisk klarer å gå ei mil. Mange har aldri gått så langt på sine eigne føter. Vi trur dette kan vere startskotet til meir turaktivitet.
Nådde toppen
For Alida Brandshaug frå Giske har dagen gitt meirsmak og turistforeininga har oppnådd akkurat det dei ønskjer.
Etter turdagen er ho inspirert til å kome seg meir ut.
– Eg har lyst til å reise til andre stadar for å gå på tur.
Utsikta frå Sulafjellet er fin.
Foto: Ingrid E. Gjelsvik