Hopp til innhold

– Det er eit idiotisk bilde

DNB lokkar med gratis reisegåvekort og brukar bilde av Flydalsjuvet i Geiranger. Det gjer ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), fly forbanna.

DNB-reklame frå Flydalsjuvet i Geiranger

DNB har fleire gongar brukt bilde av personar som står utanfor sikkerheitsgjerdet på Flydalsjuvet.

– Like sikkert som det blir sol og sommar skjer det at vi får desse tøvete oppslaga, med folk som er avbilda ytst på Flydalsjuvet, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad. Det gjer han lyn forbanna, og han har refsa organisasjonar og bedrifter dei siste tre-fire åra for å bruke dette motivet.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, er lyn forbanna over reklama frå DNB.

Foto: Frode Berg / NRK

Viss ein dett utføre Flydalsjuvet i Geiranger, er det 150 meter ned til bakken.

– Det er livsfarleg. Det er frykteleg farleg å bevege seg ut på denne kanten, seier Tryggestad.

Denne gongen er det banken DNB som brukar motivet frå Geiranger.

Ordføraren kallar bildet idiotisk og meiner det triggar folk til å prøve å kopiere dette. Han vil ta kontakt med banken så snart den opnar, for å få dei til å fjerne bildet.

– Utsett redningsmannskap for fare

Også reiselivsekspert Odd Roar Lange reagerer på bildet.

DNB-reklame frå Flydalsjuvet i Geiranger

Det var denne reklama frå DNB som fekk reiselivsekspert Odd Roar Lange til å reagere.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Dette er jo både hovudlaust og tankelaust. Det er livsfarleg å gå ut på kanten der. Det skal så utruleg lite til, før ein trår feil. Dessverre har det skjedd dramatiske og store ulukker i Geiranger tidlegare. Vi har hatt ei for mange, og vi treng ikkje fleire.

Reiselivsekspert Odd Roar Lange i Geiranger

Reiselivsekspert Odd Roar Lange seier vi har mange andre fine stadar å ta bilde av i Noreg, utan at ein treng å utsette seg sjølv for fare.

Foto: Privat

Lange seier at ein ikkje kan forby nokon å gå ut på kanten av Flydalsjuvet, eller utsette seg sjølv for stor fare andre stadar. Men han seier at når ein vel å gjere dette, utset ein også andre, til dømes redningsmannskap for fare.

– Vi har ein million fine plassar i landet, som kan brukast til å fortelje kor fint det er. Då treng ein ikkje å leite opp dei plassane som er mest farlege.

Skal sørge for at bilda blir fjerna

Vidar Korsberg Dalsbø i DNB seier det har skjedd ein glipp frå deira side, og at dei skal sørge for at desse bilda blir fjerna.

– Her har vi brukt bilde frå ein database, utan å gjere ein god nok sjekk før vi publiserte det. Ein har sett at det var eit fint naturbilde, utan å tenkje på konsekvensane. Det burde vi ha gjort, seier Dalsbø.

Les også:

Reiselivet promoterte Geiranger med frarådet stunt

– Det er ikkje meininga at turistane skal gjere som på bildet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL