Det har altså vore topp hemmeleg kva dei skal få vere med på. Både Sunnmøre museum og amfiet på Giske får besøk, men reiseselskapet Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har heile tida vore tilbakehaldne med informasjon om kva dei skal få oppleve. Det er slik Disney vil ha det.
- Les også:
Filmar fleire scener i Ålesund
Sjølv om det meste er hemmeleg, er det klart at nokre av scenene frå filmen Frost skal kome til live igjen i Borgundgavlen. Prinsessene Anna og Elsa er på plass, og det same er reinsdyret Svein, eller Rudolf, som dyret heiter i det sivile.
Reinsdyret er frakta frå Lom, og matfar Knut Vole har tidlegare sagt til NRK at dei er spente på å møte stjernene i Ålesund.
Førestillingane er berre for passasjerane, og både vakthaldet og hemmeleghaldet har vore stort. Inntil i går var til og med utstyret skjult, for at ingen skulle få eit innblikk i det som var på gang.
Har jobba i mange år for å få Disney på plass
Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har jobba i fleire år for å få Disney til Sunnmøre. I år la det seg til rette, ikkje minst fordi filmen Frost er inspirert av landskapet i norske fjordar.
Skipet skal vidare til Geiranger i morgon.
23. juni besøkjer dei Molde.
- Les også: