Det slo ned som ei bombe då det under styremøtet i mai blei kjent at utviklinga av SNR Kristiansund styrer mot ei dobling av arealet og vil bli nesten dobbelt så dyrt som det styret har blitt orientert om tidlegare.
No kjem tala på bordet, og det er klart at det blir svært vanskeleg å få inn all den aktiviteten som har stått på ønskjelista så langt.
24. mai fekk styret i Helse Møre og Romsdal ei orientering om kostnadene og arealauken ved SNR Kristiansund. Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal til venstre. Så administrerande direktør Heidi Nilsen og styreleiar Ingve Theodorsen.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRKNei til psykiatrisk poliklinikk
Helse Møre og Romsdal har den siste tida vurdert å flytte tenester innan psykisk helsevern til det nye distriktsmedisinske senteret i Kristiansund. Helseføretaket har allereie i dag funksjonar innan psykiatrien både i Sykehusgata og på Solhagen i Kristiansund.
Desse tenestene var opphavleg ikkje tenkt som ein del av SNR-tilbodet. Men då Kristiansund kommune vedtok å legge kommunalt psykiatrisk tilbod til sin del av det distriktsmedisinske senteret starta også Helse Møre og Romsdal eit arbeid for å flytte psykiatrisk poliklinikk inn i dei gamle sjukehusbygningane.
No slår direktøren kontra og trekkjer i bremsen.
– Det er ikkje riktig på det noverande tidspunktet å gå vidare med å planlegge det psykiatriske poliklinikktilbodet som ein del av det distriktsmedisinske senteret. Føretaket manglar finansiering for å kunne gjennomføre tiltaket, skriv direktør Heidi Nilsen i si tilråding til styret.
Direktøren understrekar også at heller ikkje sal av bygningane som i dag blir brukt innan psykiatrien i Kristiansund kan dekke investeringskostnadene til ein slik poliklinikk. Etableringa av psykiatrisk poliklinikk er kostnadsrekna til 90 millionar kroner.
Direktør i Helse Møre og Romsdal, Heidi Nilsen.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKStore overskridingar
Både areal og kostnader til ein psykiatrisk poliklinikk kjem i tillegg til det som tidlegare har vore planlagt for anna aktivitet i dei gamle sjukehusbygningane i Kristiansund. Dermed kjem dette på toppen av prosjekt som allereie no ligg an til å overskride dei økonomiske rammene for prosjektet.
– Kostnadene til ombyggingar for somatikk ligg no i overkant av 50 millionar kroner over den økonomiske ramma, skriv direktør Heidi Nilsen i si tilråding.
I tillegg er det eit vedlikehaldsetterslep på bygningane. Under styremøtet i mai kom det fram at vindauge må skiftast og at himlingar i tak må skiftast.
– Langtidsbudsjettet viser at det ikkje er rom for å auke den økonomiske ramma for SNR-prosjektet ytterlegare, skriv Nilsen.
Vil redusere kostnadene
No vil direktøren setje i gang eit arbeid for å sjå korleis kostnadene i Kristiansund kan reduserast. Ho vil ha ned arealet og ombyggingsnivået.
– Målet er å kunne gje det tilbodet innan dei somatiske fagtilboda som ligg i planane, skriv direktøren.
Det betyr at det skal bli ei rekkje poliklinikkar, screeningprogram, kreftbehandling, dialyse, dagkirurgi, bildediagnostikk, laboratorium og tilbod som pusterom og læring og meistring.
– Pasientane vil få mange av tenestene dei treng ofte ved SNR i Kristiansund, skriv direktør Heidi Nilsen.
Ikkje fødetilbod i Kristiansund
Helseministeren bad i føretaksmøte i oktober 2022 Helse Møre og Romsdal om også å vurdere å ha fødetilbod i Kristiansund også etter at SNR på Hjelset blir teke i bruk. Her fastslår direktøren i sitt forslag til styret at fødeavdelinga på Hjelset skal vere ei felles avdeling for både Nordmøre og Romsdal, og at det ikkje blir etablert fødeavdeling i Kristiansund.
– Ved SNR i Kristiansund skal det vere svangerskapspoliklinikk, oppfølging for gravide med reiseveg meir enn 90 minutt og følgjeteneste som blir koordinert frå fødeavdelingapå Hjelset, skriv administrerande direktør Heidi Nilsen.