Linge har tidlegare vore representant for Arbeidarpartiet i kommunestyret, men står no i spissen for ei upolitisk liste.
Norddal er ein av fem kommunar i fylket som skal ha direkte val av ordførar. Kommunen var den einaste som før helga berre hadde ein ordførarkandidat,og dermed var Norddal i fare for å måtte skrinleggje direkteval av ordførar.
To utfordrarar
Men no har det det dukka opp minst ein ny kadidat og utfordarar til sittande orførar Arne Sandnes frå Senterpartiet.
I tillegg til Svein Linge stiller altså Oddfrid Tafjord frå KrF som ordførarkandidat.