Hopp til innhold

Diomande til Strømsgodset

Toppscorar i 1. divisjon, Hødds Adama Diomande går til Strømsgodset. Ifølgje nettsidene til Hødd har Diomande skrive under ein treårskontrakt med drammensklubben.

Adama Diomande

Adama Diomande er Hødd-spelar ut sesongen. Deretter står Strømsgodset for tur.

Foto: Arne Flatin / NRK

Diomande har scora 13 mål så langt i sesongen, og er dermed den spelaren som har scora flest mål i 1. divisjon.

– Hødd har vore ein fantastisk klubb for meg. Tida eg har hatt her har vore ein av de største oppturane i mi fotballkarriere. Hødd er ein del av mitt hjerte, seier Diomande til hodd.no.

Kontrakten mellom Diomande og Hødd gjekk ut denne sesongen. Hødd og Diomande arbeidde med å forlengje kontrakten. Men då Strømsgodset kom med tilbod om kontrakt blei dette førsteprioriteten til spelaren.

– Alle i Hødd skal vere stolte over at spelarar utviklar seg til å bli attraktive for Tippeligaen og utanlandske klubbar. Vi er glade på Diomande sine vegner og ønskjer han alt godt i framtida. Det er alltid vemodig når nokon forlet oss, men vi har eit godt grunnlag til å bygge laget vidare i 2012, seier sportssjef André Nevstad i Hødd.

Diomande spelar i Hødd ut sesongen.

– Vi veit at Dio er ekstremt motivert for å yte 100 % den tida han har igjen i Hødd. Alt fokus, for oss alle i klubben, handlar om å gjennomføre ni gode kampar til av årets sesong, seier Nevstad til hodd.no.