Hopp til innhold

Digitale bjeller skal hindre rovdyrdrap

Bøndene i Sunndal har fått midlar for å teste ut digitale sauebjelller. På den måten håper ein å minske tapet av sauer på beite.

Sauer spiser i fjøs. Til til vindu. Fjellside. Digital og analog bjelle. Sauer i fjøs. Bønder ser på sau.

Sauene til Eystein Opdøl i Sunndal står trygt i fjøset, men i fjellet lurer farane. I sommar forsvann 379 lam på beite i Sunndal og bøndene trur at to tredelar skuldast rovdyr. No har Fylkesmannen løyvd 100.000 kroner for at bøndene i Sunndal skal teste ut fleire digitale løysingar, for å ha betre kontroll på saueflokken på beite.

– Du kan sjå om sauene får endra beitemønster og flyttar seg unormalt. Det kan tyde på eit angrep frå rovdyr, seier Opdøl og viser fram ein av sendarane som han kan feste på sauen og fylgje med på.

Eystein Opdøl

Eystein Opdøl håper å hindre tap av sau og lam ved hjelp av ny teknologi.

Foto: Gunnar Sandvik

Færre lam tatt av rovdyr

Dei siste 20 åra har bønder i heile Møre og Romsdal hatt store tap av sau og lam på beite. Jerven er den som tar flest dyr, men også gaupe, ulv og bjørn har tatt beitelam. I 2015 har derimot bøndene mist langt færre dyr enn tidlegare.

Ei av årsakene kan vere at mange bønder henta ned dyra tidleg frå beite.

LES OGSÅ:

Hindre tap

Kåre Langseth, som er leiar i Sunndal beitelag, har erfaring med digitale sauebjøller. På mobilen sin kan han sjå korleis sauene bevegar seg. I sommar gjekk alarmen to gangar på ein sau som låg i ro i meir enn to timar. Med ynglande jerv i området er det all grunn til uro når alarmen går. Då må bonden ut på ekstra tilsyn.

– Du kjem tidlegare inn i situasjonen og du kan avverje utvikling av tap. Du tar ned dyra frå beite rett og slett, seier Langseth.