Hopp til innhold

Trappesjokk i Ålesund

Helge Jan Farstad fekk sjokk då han oppdaga at den berømte trappa opp til toppen av byfjellet Aksla i Ålesund blir stengt frå mars til jul.

Helge Jan Farstad

Helge Jan Farstad meiner den langvarige stenginga av Fjelltrappa vil føre til turistsvikt i restauranten.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Helge Jan Farstad

Helge Jan Farstad er usikker på om han kan halde open restaurant i sommar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei 418 trappetrinna opp til utkikkspunktet på byfjellet Aksla, toppar lista frå reiselivet over 10 ting du må gjere i Ålesund. No blir bytrappa stengt av frå mars til jul fordi ho har store skadar og må skiftast ut. Dette skaper bølgjer i turist- og jugendbyen Ålesund.

– Det er sjokkerande at bytrappene blir stengde i så mange månader. No må eg rett og slett vurdere om kafeen må stengast i periodar, seier Helge Jan Farstad.

Han oppdaga kva som er planlagt med trappene då han såg tv-sendinga til NRK Møre og Romsdal måndag kveld.

Han meiner han vil klare å drive selskapslokala som vanleg, men kafeedrifta kan bli ramma.

Ingen sa ifrå

– Eg hadde ikkje fått eitt einaste signal om at bytrappene blir stengde i så lang tid. Ikkje i min villaste fantasi kunne eg ha førestilt meg ei så omfattande nedstenging.

– Ein fortørna og oppbrakt Helge Jan Farstad ser rådvill ut over det verdskjende panoramaet som har sett restauranten, byfjellet og den unike utsikta på turisthimmelen.

Ujamne trinn i bytrappa

Kommunen åtvarar turistar om at trappene er ujamne.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Farstad har drive Fjellstua i 17 år, og har siste åra opplevd ein stadig aukande turiststraum opp trappene.

– Alle vil til topps på Aksla. Sterk vekst i cruisetrafikken, daglege hurtigruteanløp, stadige nye direkte flyruter til og frå utlandet, bubilturisme og byens eiga befolkning som brukar trappa og fjellet til trim og rekreasjon, har ført til auka trykk på trapper og utkikspunkt.

– Vi er sjølvsagt ikkje imot utbetring av trappene. Det må heilt klart til, men at det skulle gi så omfattande konsekvensar, var umogleg å forutsjå, seier Farstad.

Alternativ rute

Kommunen vil bruke 8,4 millionar kroner på den sårt tiltrengde utbetringa av bytrappene. 80 prosent av dei 418 trappetrinna må erstattast av nye, støypt i betong. Andre må murast opp att i naturstein.

Slitasjen på trappene, rekkverka og belysninga er openberr. Kommunen planlegg at turistar og andre skal bruke ei alternativ turrute opp på byfjellet medan gamletrappa blir utbetra.

Denne ruta vil gå gjennom fleire bygater i området ved foten av fjellet, og opp den bratte Vannspringdalen som endar i ei anna, og kortare trapp lenger aust på byfjellet.

250.000 besøkjande

Restaurantdrivar Helge Jan Farstad reknar med at rundt 250.000 turistar er innom Fjellstua i løpet av sommaren, fordelt på kafeen og takterrassen.

– I tillegg til gjestane våre, må det vere titusenar andre som også tek turen opp dei populære trappene. Dei brukar ofte det omfattande tursti-nettet med unike utkikspunkt på fjellet, seier Farstad.

– I mange år blei talet på turistar til byfjellet systematisk telt, men siste åra har ingen vore interessert i å følgje tett med på dette. Dermed var det slutt på teljingane, diverre. I dag har ingen eksakte tal for kor mange som er oppom, seier han.


Auka trafikkaos

Bytrappene

Det kan vere lett å snuble i trappetrinna opp til utsiktspunktet på Fjellstua.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

No fryktar både drivaren av Fjellstua og Turistkontoret i Ålesund auka press på bil- og busstrafikken opp til byens panoramautsikt. Dei siste somrane har det ofte vore trafikk-kaos både ved Fjellstua og langs bilvegen opp til byfjellet.

Vegen er smal med manglande fortau, mykje holer og nedsliten asfalt på deler av strekninga. Vegen snor seg delvis mellom hus som står tett i tett på begge sider.

Der er mange gåande, syklande og køyrande i området. Sommarstid når turistane strøymer på, kan det vere store utfordringar når to bussar møtest.

– Alle i Ålesund veit kor stor trafikk det er på vegen opp til byfjellet. Når trykket no bli langt større, må ein spør seg sjølv kvar skal dette ende, sukkar Farstad.

Farstad går no i tenkeboksen og vurderer korleis han skal takle stenginga av bytrappa.

Geir Steinar Vik

Reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre trur biltrafikken til Fjellstua vil auke.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Turistkontoret uroa

Også reiselivssjef Geir Steinar Vik er uroa over kva nedstenginga av dei populære bytrappene vil bety for trafikken til og frå Aksla. Turisttrafikken har auka sterkt siste åra.

Cruisetrafikken til Ålesund åleine dobla seg frå 2011 til 2013. Inneverande år blir det like stor trafikk som i fjor. Vik reknar med at dei sender rundt 300.000 turistar til byfjellet kvar sesong.

– Når trappene stenger av, blir det garantert auka bruk av både drosjer og bussar for å kome seg opp og ned. I tillegg vil svært mykje av trafikken bli overført til Bytoget og sightseeingbussane. Vegsystemet til og frå byfjellet er ikkje dimensjonert for ein stor auke i trafikken, seier Vik.

Reiselivssjefen forstår at restaurantdrivaren fortvilar over den lange stenginga av trappene.

Men eg vonar verkeleg at når Farstad får summa seg litt, lar han vere å stenge restauranten. Den betyr svært mykje for turistane og byen. Der kan dei kose seg med utsikta medan dei nyt god mat og drikke, og der kan dei puste på, seier Vik.

På veg opp trappa til Fjellstua

Om fire- fem veker kan trappa opp til Fjellstua vere avstengt heilt fram til desember.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Nye bykart

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sende før jul brosjyrar verda rundt med anbefalingar til turistane om å gå turen opp bytrappene. Av dei 10 beste attraksjonane i Ålesund, tronar bytrappa på førsteplass.

– Brosjyrane kan vi ikkje gjere noko med no. Men vi kjem til å trykke opp om lag 200.000 nye, justerte bykart. Der skal sjølvsagt den alternative turruta via Vannspringdalen med. Så vi får hive oss rundt og få dette gjort så snart som råd, seier Vik.

Han samanliknar Fjellstua med den andre store byfjell- destinasjonen for turistar her i landet; Fløyen i Bergen.

– Begge er verdskjende, ligg toppen av byfjella og gir ei unik oppleving for turistar frå inn- og utland. Mange blir nok skuffa når dei kjem til Ålesund og oppdagar at den tradisjonelle bytrappa er stengt. Men så håper vi at dei skal bli desto gladare når dei kjem tilbake og ser den fantastisk fine og nye trappa som står klar i 2015.

Får informasjon

Oddvar Kongsvik som er leiar for veg, anlegg og park i Ålesund kommune, beklagar at Farstad føler han ikkje har blitt godt nok informert om den langvarige stenginga av trappene.

– Men at stenginga ville skje, har jo vore kjent både i kommunen og media like sidan desember 2009. I desse dagar blir det sendt ut byggemelding med nabovarsel og då får Farstad sjanse til å kome med sine synspunkt, som så blir vurderte, lovar Kongsvik.

Oddvar Kongsvik

Oddvar Kongsvik leiar avdelinga for veg, anlegg o park i Ålesund kommune

Foto: Sissel Brusnstad / NRK

Treng tida

– Renovering og ombygging av bytrappa er ikkje noko enkelt prosjekt å gjennomføre. Terrenget er vanskeleg og vi vil nok trenge den tida som er sett av, seier han, og presiserer at det vil vere uråd å gjere det omfattande arbeidet med utskifting av betongtrappene og støype nye utanom vår – og sommarstid.

– Det er heller ikkje mogleg å dele opp renoveringa over fleire etappar. Når ein først startar arbeidet, må det gjennomførast under eitt elles blir det mykje dyrare, seier Kongsvik.

Trafikkdirigering

Også kommunen som eigar av bilvegen til Aksla er uroa over den auka biltrafikken stenginga av den populære turvegen opp til utkikspunktet, vil føre med seg.

– Vi er bekymra over dette, spesielt i cruisesesongen. Viss det trengst, er vi innstilte på å gå inn med trafikktiltak. Det kan til dømes bli snakk om å sette inn dirigering av trafikken i dei mest hektiske periodane, seier Oddvar Kongsvik.

Bytrappa til Aksla har kulturhistorisk verdi

Bytrappa har kulturhistorisk verdi. Anleggsarbeidet starta på slutten av 1880-talet og var ferdig i 1903 då Fjellstua var ferdigbygd.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kulturhistorisk

Han understrekar at trappene frå byparken og opp til Fjellstua er av stor kulturhistorisk verdi. Deler av Fjelltrappa er over 120 år, og Fylkeskonservatoren har vore med i planarbeidet frå første dag. Kommunen meiner turvegen ferdig renovert og oppgradert vil stå fram som eit stort pluss for byen.

– Også rekkverka skal skiftast ut og lys-settast, murane av naturstein skal sikrast og det blir bygd utkikksplattform i glas midt fjellsida. Så dette har vi god tru på vil bli til det gode for alle, meiner Oddvar Kongsvik.

Blanda reaksjonar

Lena Nøss

Lena Nøss er flyvertinne som alltid brukar bytrappa når ho må overnatte i Ålesund.

Foto: Sissel Brunstad / NRK
Greg Bracker

Greg Bracker kjem til å sakne dei daglege trimturane opp trappa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK
Rigmor Steinnes

Det er synd at bytrappa blir uråd å bruke i månadsvis, meiner trimmar Rigmor Steinnes

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Byfjellet Aksla er eit kjent og kjært turmål for svært mange ålesundarar. Også dei som kjem til byen som turistar, deltakarar på kurs og konferansar og andre, nyttar ofte trappene opp til Fjellstua.

Lena Nøss er flyvertinne i SAS og når ho overnattar i byen, blir det alltid ein trimtur opp trappene.

– Det er veldig synd for oss som er her og likar å bruke trappa for å trene. For turistane er det også synd for dei vil jo gjerne nye utsikta. Og det kan fort bli strevsamt for dei å ta ein lang omveg via Vannspringdalen. Det er jo annleis å gå trapper i staden for køyre opp. Dei burde heller reparert trappene utanom sommartida, meiner Nøss.

Trist

– Det er veldig trist at turistar og byens innbyggarar ikkje får tilgang til Aksla og Fjellstua via bytrappa, meiner Greg Bracken. Han kjem frå London, men er busett i Ålesund og brukar trappa til pausetrim nesten dagleg.

– Vannspringdalen er grei for meg, men for alle turistane. eg veit ikkje. Bytrappa er nok best også for dei, konkluderer han.

– Det er rett og slett fole trist. Å sjå utsikta og byen her frå trappa er jo berre heilt fantastisk, så det er veldig synd at det blir avstengt så lenge. Eg ser jo at trappa er sliten og at ho kan vere farleg for enkelte.

– Amerikanarane er jo til dømes ikkje seine om å søke erstatning viss uhellet er ute, så noko må jo gjerast ein eller annan gong. Alternativ for mange blir buss opp i staden, og då får dei no i alle fall nyte utsikta. Så kan dei heller kome ein gong til seinare, slik at dei får prøve nyetrappa, meiner Rigmor Steinnes.