NRK Meny
Normal

Diesellekkasje i Ålesund

Då ein tankbil skulle tappe diesel på ein tank i Ålesund vart det lekkasje. Det er truleg snakk om ei lekkasje på over 500 liter med diesel.

Absorbent etter diesellekkasje i Ålesund

ABSORBENT: Det vart brukt absorbent under diesellekkasjen i Ålesund.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Første meldinga var at det var skjedd ei diesellekkasje i forbindelse med fylling av ein buss, operasjonsleiar John Bratland i Sunnmøre politidistrikt.

Det viste seg at det ikkje var det som var situasjonen, seier han.

Store mengder

Politiet i Sunnmøre politidistrikt fekk melding om lekkasjen på Nørve aust i Ålesund klokka 00.44 natt til fredag, og meldinga kom via brannvesenet.

Det vart først meldt at lekkasjen var på 150 til 200 liter med diesel, og at det ikkje var noko akutt forureining.

– Det viste seg at det hadde vore overfylling i forbindelse med at ein tankbil skulle fylle på ein nedgraven tank. Det var nok snakk om ei større lekkasje enn kva me fekk vite i første melding, seier Bratland.

– Me veit ikkje kor mange liter med diesel det dreiar seg om, men det er truleg snakk 600 liter diesel, seier han.

Det er oppretta sak, og politiet etterforskar tilfellet.

– Me har tankar om kva som kan vera årsaka til lekkasjen, men kva det er vil me ikkje gå ut med, seier Bratland.

Fekk tetta avløp

Det er Ålesund kommune som er delegert forusrensigsmyndigheit, og dei har delegert dette vidare til brannvesenet.

– Me har vore på staden og brukt absorberande middel som trekk dette til seg. Sluken er tetta slik at dieselen ikkje kjem ned i avløp, seier brannmeister Nils Bjerknes i Møre og Romsdal 110-sentralen.

– Korleis blir dette følgt opp vidare?

– Det er sjølvsagt litt miljøfare med diesellekkasje, så me sender ein rapport til Kystverket om kva som har skjedd, for dette er vanleg rutine, seier Bjerknes.