Hopp til innhold

Diabetesforbundet: –Dette er grensesprengande

Diabetesforbundet er imponert over Christer Jensen som har laga ein ekstern bukspyttkjertel til dottera med diabetes. – Dette er framtida, meiner dei.

Christer Jensen saman med Silje

Silje Heggheim Jensen er den første i landet som har tatt i bruk ein heimelaga bukspyttkjertel, sett saman av teknologi som allereie eksisterer. Her viser pappa Christer delane som blir brukt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Laurdag fortalde NRK historia om Silje (6) som er den første i landet som har tatt i bruk kunstig eller ekstern bukspyttkjertel. "Bukspyttkjertelen" er ein Iphone med ein app, ei insulinpumpe og ei lita boks med elektronikk som er bindeleddet mellom mobilen og pumpa.

Det er faren, Christer Jensen, som har kopla saman dette, med god hjelp frå pionerar i USA.

Bjørnar Allgot

Bjørnar Allgot er generalsekretær i Diabetesforbundet. Han trur ekstern bukspyttkjertel er framtida.

Foto: Mats Sparby / NRK

Teknologien er ikkje i kommersiell produksjon og på verdsbasis er det registrert 125 brukarar.

Grensesprengande

Dei siste to dagane har Diabetesforbundet blitt kontakta av mange som ynskjer å ta i bruk teknologien.

– Arbeidet Christer har gjort er grensesprengande. Det er jo nesten rart at ikkje industrien har vore før han, seier Bjørnar Allgot. Han er generalsekretær i Diabetesforbundet. Det er om lag 28 000 menneske i Noreg som har type 1 diabetes. Dei fleste får diagnosen som barn eller ungdom

LES OGSÅ:

.

Kunstig bukspyttkjertel

Desse delane utgjer den kunstige bukspyttkjertelen. Ein sensor måler blodsukkeret og sender informasjonen vidare til iPhonen. Telefonen har ein app som vurderer kor mykje insulin som trengst og ei elektronisk boks sender informasjonen vidare til insulinpumpa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dette er framtida

Allgot veit at det vert forska på bruken av denne teknologien, og at ein må vere heilt sikker på at det er trygt, før ein tar det i bruk.

– Det betyr svært mykje for diabetikarar å kunne få bruke teknologien. For mange foreldre handlar det om å få sove om natta. Det gir også ein heilt anna tryggleik når barna er på skule og barnehage, seier Allgot.

Han meiner den eksterne bukspyttkjertelen er framtida. Mange brukar allereie ulike teknologiske hjelpemiddel. Det nye som Christer og utviklarane i USA har gjort er å kople dei ulike komponentane saman.

Silje Heggheim Jensen

Silje Heggheim Jensen må alltid leve med diabetes, men kvardagen har blitt enklare med ny teknologi.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mange vil ha hjelp

Det var nettopp mangel på nattesøvn som gjorde at Christer Jensen byrja å sjekke teknologiske moglegheiter for å sleppe å stå opp for å sjekke blodsukkeret mange gongar kvar natt. Kvart 5. minutt vurderer appen på mobilen kva den skal gjere på bakgrunn av mengde insulin og karbohydrat i kroppen, og korleis blodsukkeret til dottera er. Pumpa drypp små mengder med insulin eller stoppar heilt opp dersom blodsukkeret er på veg for langt ned.

Også Jensen har blitt kontakta av svært mange foreldre som ynskjer hjelp til barna sine.

– Dette viser berre kor fantastisk alle synest dette er. Eg har dessverre ikkje kapasitet til å programmere systemet for folk, men kan rettleie dei, seier Jensen.

Han ynskjer at kommersielle aktørar kjem på banen, slik at foreldre sjølv slepp å måtte snikre heimelaga løysingar.