Den noverande sjefen, Lord Robertson, går av om eit knapt år, og det internasjonale nyheitsbyrået Reuters skriv at Devold er ein aktuell etterfølgjar.
Devold har ei høg stjerne
Devold skal ha fått ei høg stjerne blandt sine NATO-allierte, og då særleg USA, etter at ho blei statsråd.Det er ikkje kome fram i Noreg kor stor respekt Krohn Devold har fått i NATO-kretser, både i Brussel og USA, seier ein velinformert NATO- og forsvarskjennar til NTB.Ho har imponert mange med solid fagkunnskap og stor evne til å få saker gjennomført, mellom anna når det gjeld omstillinga av forsvaret. Ho har holdt fleire foredrag som er blitt lagt merke til, og blir i sentrale kretsar sett som eit lovande emne for lederoppgåver. Men, det er ikkje dermed sagt at ho sjølv ser dette som ein aktuell mogligheit, seier kjelda.
Robertson historisk
Under Robertson si leiing vedtok NATO mellom anna å utvide alliansen med sju nye land frå 2004. Han blir også huska for at alliansen tok i bruk artikkel 5 for første gong.
Artikkel 5 seier at eit angrep på eit NATO-land er å rekne som eit angrep på alle medlemslanda. Dette skjedde etter 11.september åtaka på USA.
Devold sjølv er på veg heim frå USA akkkurat no, og er difor ikkje tilgjengeleg for kommentar.