Nordøyvegen, som skal gje fastlandssamband til øyane i Haram og Sandøy, består av 8 bruer og tunnelar som er så pass store at dei skal få namn. Og dei fleste namna er så opp i dagen logisk sjølvforklarande at det slett ikkje ville stå nokon strid om dei.
- Lepsøybrua. Dette er den 800 meter lange brua mellom fastlandet og øya Lauka.
- Hamnaskjersundbrua. Dette er ei 200 meter lang bru over Hamnaskjersundet.
- Haramsfjordtunnelen. Dette er tunnelen mellom Hestøya og Haramsøya.
- Nogvafjordtunnelen. Dette er tunnelen mellom Skuløya/Flemsøya (!) og Fjørtofta.
- Fjørtoftfjordtunnelen. Dette er tunnelen mellom Fjørtofta og Harøya.
I tillegg er der ei bru og ein tunnel som Haram kommune ville diskutere namnet på. I det opphavlege forslaget hadde den 100 meter lange brua mellom Lauka og Lisjelauka fått namnet Laukabrua. Kommunen fekk støtte frå Norsk Språkråd om at brua burde heite Laukebrua. Og dette ser ut til å vere greitt.
Men så er der eitt prosjekt der kommunen ikkje har fått gjennomslag. Kommunen meinte nemleg at Burbergtunnelen burde heite Hubrotunnelen.
Burbergtunnelen, eller Hubrotunnelen, er ein miljøtunnel på den nordvestlege delen av Fjørtofta. I prosjektet er miljøtunnelen omtalt som Hubro-tunnelen. Og bakgrunnen for miljøtunnelen er rett og slett at det er oppdaga hekkande hubro i området.
– Det er oppdaga hubro der, og denne fuglen skal ikkje bli skremd vekk, seier leiar i Øyrådet, Nina Otterlei Nordang.
– Miljøtunnelen vert bygd etter krav frå miljøstyresmaktene. Det kan godt vere at det er ei fordyrande løysing. Men ikkje slik at dette er ei viktig sak for oss. Dessutan er han til hjelp for gardbrukaren som har beiteområde på andre sida vegen, fortel Odd Einar Fjørtoft.
Burberget er eit fjell. Nokre vil kanskje kalle det ei høgd. Men det vil neppe folk på Fjørtofta like. Uansett ligg Burberget like vest for det høgste punktet på Fjørtofta, Æafjellet. Æafjellet er 112 meter høgt. Burberget er ein god del lågare.
Og dermed ser namneforslaget frå Statens vegvesen slik ut:
- Lepsøybrua
- Laukebrua
- Hamnaskjersundbrua
- Haramsfjordtunnelen
- Nogvafjordtunnelen
- Bubergtunnelen
- Fjørtoftfjordtunnelen
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som gjer endeleg vedtak om namn og skrivemåte.