NRK Meny
Normal

Dette skal sunnmøringane stemme over i dag

Fleire tusen innbyggjarar går i dag til valurnene for å seie sitt om kommunesamanslåing. På Sunnmøre har 13 kommunar folkerøysting.

Folkeavstemming Klæbu

Det er folkeavstemming om kommunesamanslåing mange stader i landet i dag. I 13 kommunar på Sunnmøre skal innbyggjarane gi sine råd.

Foto: Bent Lindsetmo/NRK

Hittil har over 50 kommunar i landet hatt folkeavstemming om kommunesamanslåing. I dag er det innbyggjarane i 13 sunnmørskommunar som skal seie sitt. Ålesund har fridd til ni kommunar på nordre Sunnmøre og vil danne ei stor regionkommune. Ålesund har ikkje folkeavstemming i dag, men har gjennomført ei innbyggjarundersøking. Resultatet frå den vert klar først 20. mai.

25. april hadde innbyggjarane i Romsdal og på Nordmøre folkeavstemming. Der var folket i dei små kommunane heilt klar i talen. Dei ynskte ikkje å bli ein del av store kommunar.

Dei to andre storkommunealternativa på Sunnmøre er Runde kommune (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven) og Storfjord kommune (Skodje, Norddal, Stordal og Ørskog).

Nedanfor er alternativa sunnmøringane kan stemme på. Dei kan også stemme blankt og enkelte kommunar har lagt inn «Eg veit ikkje», som svaralternativ.

Giske

  • Region Ålesund (Ålesund, Giske, Sula, Haram, Sandøy, Ørskog, Stordal, Skodje, Sykkylven og Hareid)
  • Eigen kommune

Sula

  • Region Ålesund
  • Eigen kommune

Haram

  • Region Ålesund
  • Haram/Sandøy
  • Eigen kommune

Sandøy

Sandøy har ikkje folkerøysting, men har utført ei innbyggarundersøking. I denne undersøkinga vart folk også spurt om korleis dei stiller seg til samanslåing med Haram dersom Nordøyvegen ikkje blir realisert.

Her er også spørsmål om korleis dei stiller seg til regionkommunen Ålesund dersom nokon av dei andre kommunane ikkje blir med.

I tillegg fekk innbyggjarane spørsmål om kva dei tykkjer om at Sandøy, Orta og Ona eventuelt blir ein del av Aukra/Romsdal.

Skodje

  • Region Ålesund
  • Landkommune (Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal)

Kommunen har i tillegg hatt ei innbyggjerundersøking.

Ørskog

  • Region Ålesund
  • Landkommune

Ørskog har ikkje berre folkerøysting. Denne kommunen gjennomfører ei høyring og har lagt ut skjema for høyringa på dei kommunale nettsidene. Høyringa er basert på at innbyggjarane sjølve tek initiativ til å svare på spørsmåla i høyringsskjemaet.

Stordal

  • Region Ålesund
  • Landkommune
  • Eigen kommune

Norddal

  • Landkommune
  • Eigen kommune

Ørsta

  • Ja til Volda
  • Nei til Volda

Volda

  • Ja til Ørsta
  • Nei til Ørsta

Ulstein

  • Runde kommune
  • Eigen kommune

Kommunen har i tillegg hatt ei innbyggjerundersøking.

Herøy

  • Runde kommune (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven)
  • Herøy/ Sande
  • Eigen kommune

Hareid

  • Runde kommune
  • Region Ålesund
  • Eigen kommune

Sande

  • Runde kommune
  • Eigen kommune

Stranda

Stranda skal ha ei innbyggarundersøking seinare. Stranda har to alternativ:

  • Eigen kommune
  • Stranda/Sykkylven

Sykkylven

Sykkylven kommune har utført ei innbyggarundersøking, men dei vil vente med å publisere resultatet til innbyggarundersøkinga i Stranda er klar tidleg i juni. Sykkylven har tre alternativ:

  • Region Ålesund
  • Stranda/Sykkylven
  • Eigen kommune