Hopp til innhold

Dette skal bli Norges fjerde største skøytehall

Bystyret i Kristiansund vedtok i ettermiddag at dei skal løyve 11 millionar til bygging av det som vil bli landets fjerde største skøytehall.

Kunstisbana i Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg er utruleg letta no, seier skøyteentusiast Tor Olsen.

No håpar han at den nye hallen skal kome raskt på plass.

– Eg trur hallen skal vere klar i løpet av våren 2017, seier han smilande.

Kamp om kommunale kroner

Kampen om kommunale kroner har sett idrettsmiljøa opp mot kvarandre i Kristiansund.

Bystyret bestemte i ettermiddag at skøytehallen no får gå forbi nye Atlanten stadion på prioriteringslista. Friidrettsmiljøet fortvilar over at friidrettsanlegget no må vente.

Grunnen til omprioriteringa skal vere at private står klare til å gi 28 millionar i støtte. Dette er pengar kommunen er redd vil forsvinne om dei ikkje prioriterte hallen no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL