NRK Meny
Normal

Dette skal bli billigare for turistane

Turistar som kjem til fylket skal få spesialrabatt både på buss, hurtigbåt og ferje i dei største byane til sommaren. Det avgjorde fylkespolitikarane tysdag kveld.

Buss til Ellingsøya i Ålesund

Turistane som kjem til fylket får billigare billett når dei hoppar på bussen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mange utanlandske turistar har for vane å seie at det er dyrt å feriere i Noreg. No skal dei i alle fall få sleppe billigare unna om dei hoppar på bussen, hurtigbåten eller ferja.

Randi Walderhaug Frisvoll

Randi Walderhaug Frisvoll var den som foreslo å innføre turistkort. Ho fekk med eit samla samferdselsutval på det.

Foto: Gunnar Sandvik

– Eg syns det er på tide at også Møre og Romsdal kan få eit turistkort, det har dei i andre byar i landet, og i utlandet, seier Randi Walderhaug Frisvoll frå KrF, som kom med forslaget i samferdselsutvalet tysdag ettermiddag.

Vil prøve det ut i byane

Og ho fekk med seg eit samla samferdselsutval på forslaget. Ho har tru på eit slikt kort.

– Eg har nytta meg av det i andre byar, og det trur eg også andre har gjort, og det har vore etterspurt her i fylket, seier ho. Tanken er å prøve ut kortet i byane først.

– Er det rett å prioritere byane og ikkje bygdene?

– I første omgang kand et vere greitt å prøve ut i byane, og så kan ein utvide etter kvart som ein ser bruken og behovet.

Trur det vil betale seg

Men det er mange som syns det er dyrt å ta ferje, buss eller hurtigbåt i Møre og Romsdal. Walderhaug Frisvoll meiner likevel det er rett å prioritere turistane.

– Møre og Romsdal er også eit turistfylke. Det å få fleire turistar hit genererer også fleire turistar. Eg trur dette vil gje oss like mykje som det kostar, seier ho.

Nettbuss

Turistane som hoppar på bussen frå neste sommar vil få billigare billett enn før.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK