Hopp til innhold

Knallhard budsjetthaust for Ålesund kommune

Alt tyder på at det blir ein vanskeleg budsjetthaust for politikarane i Ålesund.

Ålesund formannskap

Under formannskapsmøtet vart politikarane orientert om den økonomiske situasjonen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er klart etter at rådmann Jarle Bjørn Hanken la fram ei rekkje moglege innsparingstiltak for formannskapet i dag. 4. november kjem det endelege forslaget frå rådmannen.

Ålesund kommune har store økonomiske vanskar og hamna i haust på ROBEK-lista. No er det klart at rådmannen arbeider med fleire innsparingsforslag, og at ingen områder blir skjerma.

Blant anna kan Hessa barnehage risikere å bli lagt ned, i tillegg til at dei to biblioteka kan bli samla på ein stad.

Fleire kutt

Rådmannen seier prosessen vil by på fleire utfordringar enn det har gjort dei siste åra. Utgangspunktet for kutta blir forklart med ein låg skattevekst i 2014. Det har vore ei betring den siste tida, men den totale auken har likevel vore låg.

Totalt sett forklarar rådmannen kutta med bakgrunn i utgiftsaukingar og inntektssvikt i kommunen.

Jarle Bjørn Hanken

KUTT: Rådmann Jarle Bjørn Hanken la i dag fram ein rekkje moglege innsparingstiltak.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dette skuldast i stor grad at vi må rekne med lågare skatteinntekter i år. Truleg får vi også eit lågare utbytte frå Tafjord Kraft. Vi har ingenting meir å hente, seier Hanken.

Utbyttet til Tafjord Kraft falt frå 48 millionar til 20 millionar i år. Dei eventuelle kutta skal også medverke til å dekke eit underskot på 29 millionar kroner i ulike verksemder.

Kommunen har ikkje kome med konkrete beløp eller detaljar, men har varsla at det vil kome fleire tiltak etter kvart.

– Det som er sikkert er at det kjem ytterlegare tiltak. Det kan eg seie med ein gong, seier rådmannen.

Prognosane viser at kommunen vil ha eit underskot på 80 millionar kroner ved utgangen av året.

Krevjande prosess

I dag sat politikarane med open munn og tok inn dei økonomiske realitetane. Det var få lyspunkt som blei presentert, og det finst inga bakdør som gjer det mogleg å kome seg ut av situasjonen.

Høgre sin gruppeleiar Monica Molvær meiner situasjonen er alvorleg.

Monica Molvær

UROA: Monica Molvær meiner situasjonen er alvorleg.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det som blei lagt fram i dag signaliserer at vi vil få eit budsjett som kjem til å bli vanskeleg for alle å takle, seier ho.

Molvær trur det blir ei krevjande oppgåve.

– Det er som rådmannen seier, vi kan ikkje trylle. Dersom vi prioriterer eit område, så må vi kutte ned på eit anna, seier ho.

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet Svein-Rune Johannessen delar uroa til Molvær.

– Kor stor er utfordringa?

– Den er kjempestor. Vi må gjere noko med budsjettbalansen, og det er snakk om mange titals millionar, seier Johannessen.

Rådmannen nemnde ikkje eigedomsskatten denne gongen. Arbeidarpartiet trur likevel at ei ytterlegare auking kan bli aktuelt. Varaordførar Geir Stenseth i Frp åtvarar mot dette.

– Eg tykkjer ei firdobling på 25 til 122 millionar er ei kraftig nok auke på eit år, seier han.

Generelle innsparingstiltak

Dei følgjande punkta er blant dei foreløpige tiltaka som blei fremja i dag.

* Delvis tilsetjingsstopp.
* Begrensingar i innkjøp.
* Avgrensing i reiser, kurs og opplæring.

Stab og interne tenester.

* Stillingar blir heldt ledige. Produksjonskapasiteten blir redusert.
* Oppgradering av programvare og IT blir utsett.
* Kommunen vil vurdere tilskot og medlemskap.

Politiske tiltak.

* Redusere formannskapets reservepost.
* Færre møte.
* Redusere medlemstal i politiske organ.
* Endra komitestruktur.

Skular og barnehagar.

* Desse må ned på same budsjett som i 2014. her må kommunen redusere 11 millionar i forhold til verksemdene sine ønskjer.
* Forslag om å legge ned Hessa barnehage frå hausten 2015.
* Reduser grunnbemanning i kommunale barnehagar. Total reduksjon på 4–6 årsverk.
* Etablere områdebarnehagar, noko som kan føre til færre verksemder.
* I tillegg vil kommunen vurdere å redusere tilskota til private barnehagar.

Heimetenestene

* Reduksjon i forhold til verksemdene sine ønsker. Særleg i indre bydel
* Vil gå gjennom drifta i heimetenesta og sjukeheimane. Bruk av ekstern kompetanse vil bli vurdert.
* Flytte dagtilbod for helse og rus til ein ekstern aktør.
* Redusert opningstid Skansen.

Sjukeheim

* Auke budsjettet for resurskrevjande brukarar.
* Ikkje pengar til generell styrking.
* Greie ut om talet på sjukeheimsplassar.

Helse- og sosiale tenester

* Styrke barnevernet, men mindre enn ynskja.
* Forventar effekt av ny organisering. Samlokalisering.
* Aukar økonomisk sosialhjelp-
* Reduksjon i private rusinstitusjonar.

Kultur

* Kultursjefstillinga blir heldt ledig inntil vidare.
* Redusere tilskot til lag og organisasjonar.
* Samle biblioteket på ein plass.
* Kulturskolen ned på eit 2014-nivå.
* Ikkje ta i mot einslege mindreårige flyktningar.

Tekniske

* VAR: Tilbakebetaling av underskot renovasjon.
* Reduserte reinhaldskostnader.
* Kutt husleie til ÅKE (eigedomsselskap).