Hopp til innhold

Dette må du hugse på før du sender opp rakettane

Sidan pinneraketten blei forbode i 2007, har tal skader i samband med fyrverkeri gått ned med rundt 70 prosent. Trass i at folk har blitt flinkare, er det framleis utfordringar.

Fyrverkeri og stjerneskudd

SIKKERHEIT: Trass i ein kraftig nedgang i tal skader etter forbodet mot pinneraketten i 2007, betyr ikkje det at faren for uhell framleis er stor.

Foto: Marie Myklebostad / NRK

Det meiner kommunikasjonsansvarleg i Molde brann- og redningsteneste, Endre Dahlen. Trass i at skadane er færre, fortel han at dei framleis opplever ulykker. No ber han folk bruke hovudet når dei skal tenne opp rakettar på nyttårsaftan.

Endre Dahlen

BRUK HOVUDET: Endre Dahlen, kommunikasjonsansvarleg i Molde brann- og redningsteneste oppmodar folk om å bruke hovudet og tenke på sikkerheita når dei skal skyte opp rakettar på nyttårsaftan.

Foto: Marie Myklebostad / NRK

– Vi ser ofte at folk fyrer opp nødrakettar. Dei er meint for å varsle at ein er i nød, ikkje at ein går inn i eit nytt år, seier Dahlen.

Stort utval

Folk over heile landet er godt i gang med innkjøpet av årets fyrverkeri. Utvalet er stort og det er ikkje alltid lett å bestemme seg for kva som skal pryde himmelen under årsskiftet.

Fyrverkeriet må vere på plass på nyttårsaftan?

– Ja, ein er nøydd å ha det, seier Ulf-Rune Woldstad som er på Plantasjen i Molde for å handle rakettar.

Seljar Morten Eidem forventar seg større køar og auka sal i dagane som kjem. Han fortel at det går mest i stjerneskot og i mellomstore batteri. Eidem legg vernebriller i posen når kundane handlar og det set Woldstad pris på.

– Ja, eg hugsar alltid å ha på briller og syns det er veldig bra at dei legg med briller i posen når eg handlar, seier Woldstad.

Morten Eidem og Endre Dahlen

VERNEBRILLER: Morten Eidem sel fyrverkeri ved Plantasjen i Molde. Han brukar å legge vernebriller i posen til folk som handlar rakettar. Her i samtale med kommunikasjonsansvarleg i Molde brann- og redningsteneste, Endre Dahlen.

Foto: Marie Myklebostad / NRK

Dette må du hugse på

For trass i ein kraftig nedgang i tal skader etter forbodet mot pinneraketten i 2007, betyr ikkje det at faren for uhell framleis er stor. Difor må sikkerheita vere på plass når du no skal ynskje det nye året velkomen med fyrverkeri.

– Det viktigaste er at du planlegg oppskytinga og finn ein godt eigna plass. Så er det lurt å bruke tennstav i staden for lighter. Då har du betre kontroll på å når du skal tenne lunta, seier Dahlen.

– Så vil vi framleis oppfordre alle om å bruke vernebriller, bruke hovudet og sjå an vêr og vind. Og dermed sørge for at alle får ei trygg og hyggeleg nyttårsfeiring.