Hopp til innhold

Dette lærte dei av dødsbrannen ombord i Scandinavian Star

Ei gruppe utplukka brannfolk trenar aktivt for å unngå at tragedier som dødsbrannen om bord i Scandinavian Star skal skje igjen. I dag er det 25 år sidan 159 menneske miste livet i ferjebrannen.

Brann om bord i "Scandinavian Star"

Brannen om bord i Scandinavian Star kravde 159 menneskeliv. I ettertid oppretta brannvesenet landet over spesialgrupper som skal kunne handtere slike situasjonar.

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Det har 25 år sidan den tragiske brannen om bord i ferja Scandinavian Star der 159 menneske miste livet. Brannen starta i 2-tida natt til laurdag 7. april, og det har aldri vore konkludert med kva som eigentleg skjedde. Tidlegare i år blei det klart at det er fleirtal i Stortinget for at ein uavhengig kommisjon skal granske mordbrannen.

Les også:

- Spesielt utfordrande med båtbrannar

Arne Sigurd Hansen

Avdelingsleiar Arne Sigurd Hansen i Ålesund brannvesen seier det er langt vanskelegare å sløkke ein båtbrann enn ein husbrann. Dette øver dei difor spesielt på.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Arne Sigurd Hansen, som er avdelingsleiar for beredskap i Ålesund brannvesen, seier norske styresmakter lærte av ulykka. For det å sløkke brann i ein båt er langt meir utfordrande etter andre brannar.

– Du er overlaten til deg sjølv langt ute i havet, og må stole på det utstyret du har. I tillegg blir det ekstremt mykje varmare i ein båt enn i eit hus, seier Hansen.

Oppretta spesialgruppe etter ulykka

I etterkant sette sjøfartsstyresmaktene strengare krav til brannførebygging om bord i båtar, og evna til å skulle kunne takle ei slik hending ombord.

Samstundes blei det oppretta sju grupper i brannvesenet i Noreg som fekk i oppgåve å utstyre og trene mannskap som skulle kunne handtere slike forferdelege hendingar, seier Hansen.

I Ålesund blei det oppretta ei gruppe, seks andre i Oslo, Larvik, Rogaland, Bergen, Salten, Bodø og Tromsø.

Trenar ofte

Omlag 20 av dei tilsette ved brannvesenet i Ålesund deltek i spesialgruppa, som har fått utdanning til å handtere skipsbrannar. Dei trenar mange gongar i løpet av året, både åleine og saman med andre, også svenske og finske brannfolk.

Dette er veldig nyttig. Det er mange stader i norske farvatn der vi treng hjelp av både svenskar og finnar, det blei jo også kjent gjennom Scandinavian Star-ulykka, seier han.

Les også: