Dersom ein ser på kor mykje trafikkantane må ut med i bompengar på vegen frå Ålesund til Oslo, er det i dag 390 kroner dyrare enn for sju år sidan.
I 2009 kosta det berre 25 kroner i bompengar dersom du køyrde E136 og E6 frå Ålesund til Oslo, og den einaste bomstasjonen du køyrde forbi var i Olso.
På den same strekninga må du i dag passere 14 bomstasjonar og dermed må du som bilist ut med 415 kroner.
Bompengar dekkjer 44% av nye E6
Berre før du forlet Møre og Romsdal må du ut med 132 kroner, dersom du betalar fullpris. Køyrer du E136 mot E6, passerer du både den nokså ferske Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen.
Vidare nedover Gudbrandsdalen må du betale til saman 109 kroner når du køyrer på nye E6, ei utbygging som har teke tre og eit halvt år og som har kosta sju milliardar kroner.
For å køyre mellom Sjoa og Kvam kostar det 16 kroner, vidare mot Vinstra kostar det 33 kroner, når du har kome deg frå Vinstra til Harpefoss har du blitt endå 24 kroner fattigare og du må ut med ytterlegare 36 kroner for å passere bomstasjonen mellom Harpefoss og Frya.
44 prosent av nye E6 skal dekkjast ved hjelp av bompengar og innkrevjinga skal halde fram i 15 år.
7 timar - 415 kroner
Heilt sør i Gudbrandsdalen passerer du éin bomstasjon mellom Tretten og Øyer som kostar deg 24 kroner. Frå du kryssar Mjøsa til du er framme på Gardermoen passerer du 6 bomstasjonar, som til saman kostar 117 kroner å køyre forbi.
Før du kjem deg heilt inn i Oslo-gryta, må du passere bomringen, noko som kostar deg 33 kroner.
På den vel 7 timar lange bilturen frå Ålesund til Oslo er det altså ikkje drivstoff einaste utgifta ein må tenkje på, men også dei 14 bomstasjonane ein må ut med 415 kroner for å passere.
Dyrare for tungtransport
Det er dersom du køyrer bil. Dersom du køyrer tungtransport, er kostnaden for strekninga Ålesund - Oslo langt høgare. Då er prisen 995 kroner. I 2009 kosta det 75 kroner i bompengar for køyrety over 3500 kg, ergo ser ein ein auke på 920 kroner.
Tidlegare lastebileigar Per Waagan var med i planlegginga av både Tresfjordbrua, Vågstrandtunnelen og utbetringa av vegen nedover Gudbrandsdalen og han er ikkje overraska over kostnadsauken.
– Eg sa det for ti år sidan at det ikkje skulle forundre meg om det vart 1000 kroner dyrare å køyre med ein trailer frå Ålesund til Oslo om ti år, og det vart det. Du verda så flotte vegar vi har fått, men det kostar pengar.
For Vartdal Transport har det blitt merkbart dyrare å køyre til og frå Oslo, fortel dagleg leiar Hallstein Forberg.
Foto: Vartdal TransportFor Vartdal Transport i Sykkylven har bompengane dei må ut med for å køyre til Oslo vorte ei merkbar utgift. I 2016 brukte transportfirmaet, som fraktar møblar og byggisolasjon med sine 27 køyrety, 1,2 millionar kroner utelukkande på bompengar.
– Det har vorte betydeleg dyrare for oss å køyre til og frå Oslo. For å ta inn igjen dei ekstrautgiftene er vi tvinga til å kreve meir i betaling frå kundane våre, fortel dagleg leiar Hallstein Forberg.