Dette er skattetoppane i Møre og Romsdal

Klokka sju i dag tidleg blei skattelistene offentleggjort. Her kjem det fram kven som tener mest, kven som har størst formue og kven som betalar mest skatt.

Skattetoppen

Utstyr til fiskeindustrien, hotelleigedomar og handel danna grunnlag for store inntekter og formuer i 2017.

Listene fortel slett ikkje alt om økonomien til kvar einskild. Tabellane inneheld berre den skattbare delen av inntekt og formue. Det vil seie summen som står att når alt som kan trekkast frå, både frå inntekta og formua.

Matvarer, konfeksjon, eigedom og hotell

Øverst på formuetoppen i Møre og Romsdal tronar Egil Giørtz frå Ålesund. Han er dagleg leiar i grossistgiganten H I Giørtz sønner AS, som forsyner i all hovudsak Norgesgruppen sine daglegvarebutikkar på Nordvestlandet. Han er også styreleiar og styremedlem i ei rekkje daglegvarebutikkar og eigedomsselskap i all hovudsak på Sunnmøre.

Det er vel verd å merke seg familien Wenaas. Trude Wenaas, Oslo og Sigmund Wenaas, Måndalen ligg på 19. og 20. plass på lista over dei største skattbare formuene i Noreg. Wenaasgruppen har sitt utspring i ein konfeksjonsbedrift somblei etablert i Måndalen i 1931. I 1996 blei selskapet børsnotert og blei blant dei fremste i Europa på produksjon og distribusjon av arbeidsklede og verneutstyr.

Oslo Raddison Plaza Hotell sett fra Postgirobygget.

Familien Wenaas har bygt seg stort opp, mellom anna på hotell.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Paralellt med dette satsa selskapet på hotelleigedomar. Wenaas eig i dag blant anna Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo, tre radissonhotell i København og Nord Europas største hotell, Park Inn by Radisson Pribaltiyskaya Hotel, i St Petersburg.

Nykomar på lista

Høgt oppe på lista ligg Marius Kjærstad frå Kristiansund. Ifølgje Facebook-profilen til Kjærstad har han tidlegare vore flyteknikar ved CHC Helikopter Service. I mai skriv han at han er tilsett i eiga verksemd.

NRK har ikkje kome i kontakt med Kjærstad. På Twitter-kontoen deler Kjærstad mellom anna artiklar om valutaene Bitcoin og Ethereum. På Twitter kallar han seg «Ethereum pirate saling the high seas».

Dei største skattbare formuene i Møre og Romsdal

Namn

Fødselsår

Kommune

Formue

Egil Giørtz

1970

Ålesund

555609441

Lillian Wenaas

1969

Rauma

512050967

Erik Ohr

1953

Kristiansund

503202309

Amund Pedersen

1967

Ålesund

499842766

Christin Pedersen

1969

Ålesund

494369088

Monja Wenaas Myrann

1992

Rauma

470519291

Celina Wenaas Myrann

1996

Rauma

467992800

Lars Løseth

1950

Surnadal

385640473

Ingerid Ulstein

1971

Ulstein

372780382

Utstyr til fiskeforedling

Håvard Sætre

Håvard Sætre er dagleg leiar i Optimar.

Foto: Pressefoto / Optimar

Øverst på lista over skattbar inntekt finn vi Håvard Sætre frå Haram. Han er dagleg leiar i Optimar, som i all hovudsak lagar utstyr til fiskeforedling, både til fabrikkar og om bord i fartøy. Selskapet har avdelingar i Giske, Skodje, Stranda, i Spania og i USA.

Sætre driv også to investeringsselskap, Harvie AS og Nor Invest Håvard Sætre.

Største skattbare inntekter

Namn

Fødselsår

Kommune

Inntekt

Håvard Sætre

1965

Haram

36174091

Jan-Henrik Henriksen

1943

Ålesund

31592400

Marius Kjærstad

1983

Kristiansund

31329180

Berit Ekornes

1948

Sykkylven

30632365

Odd Roald Haukås

1952

Molde

29074949

Ola Volstad

1956

Ålesund

26837617

Bernt Lodve Gjendemsjø

1966

Fræna

25597701

Roger Oddbjørn Blindheim

1953

Giske

25006809

Olav Aas

1950

Vestnes

19409122

Johan Aas

1946

Vestnes

19380321

Skattetoppen i Møre og Romsdal

Namn

Fødselsår

Kommune

Skatt

Håvard Sætre

1965

Haram

11233032

Berit Ekornes

1948

Sykkylven

10586321

Bernt Lodve Gjemdemsjø

1966

Fræna

10059777

Jan-Henrik Henriksen

1943

Ålesund

9685675

Ola Volstad

1956

Ålesund

9100505

Lars Løseth

1950

Surnadal

8627839

Roger Oddbjørn Blindheim

1952

Giske

8231546

Marius Kjærstad

1983

Kristiansund

8066272

Odd Roald Haukås

1952

Molde

7931117

Henning Tangen Veibust

1964

Ålesund

7760412