Hopp til innhold

Dette er Noregs beste kommune

Målretta arbeid over tid gav Nesset kommune i Romsdal sigeren i Forbrukarrådet sin kommunetest 2019. Sjå kva plass din kommune kom på her.

Nesset kommune, Forbrukerrådets kommunetest 2019

Nesset kommune i Romsdal kunne feire at dei er den kommunen i landet som er best på å svare innbyggarane på spørsmål om kommunale tenester.

Foto: Driva

– Det er ekstra artig at vi kan gjere det bra i ein slik test, seier Hildegunn Kvernberg Blø, einingsleiar for servicekontoret i Nesset kommune.

Forbrukarrådet har testa kor gode alle landets kommunar er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Alle kommunane er testa, på til saman nesten 30.000 opplysningar via telefon, e-post og nettsider.

Etter Nesset følgjer Bergen, Nannestad, Søndre Land og Molde. Sjå heile oversikta og søk på din kommune nedst i saka.

– Må ta innbyggarane på alvor

Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, vektlegg at kommunane har ansvar for ein rekke tenester som er viktig for folk, alt frå eldreomsorg, skule- og barnehage og andre kommunale tenester.

Inger Lise Blyverket

Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, vektlegg at det er viktig at det er lett å kome i kontakt med kommunane og få raske og gode svar.

Foto: John Trygve Tollefsen

– Difor er det viktig at det er lett å kome i kontakt med kommunane. Nesset har skjønt at det er viktig å snakke med innbyggarane sine, og gi raske og gode svar.

Forbrukarrådet sin kommunetest viser at store kommunar generelt får best resultat. Men mange små kommunar har også hevda seg i testen dei siste åra.

Blyverket oppfordrar alle kommunane til å strekke seg mot å gi innbyggarane eit best mogleg tilbod.

– Kommunane må spørje innbyggarane kva dei synest, ta svara på alvor og vere opne med dei, seier ho.

– Ein kontinuerleg jobb

Nesset, som har rundt 3000 innbyggarar, har gjort eit stort hopp frå førre kommunetest i 2016, då dei kom på ein 85.-plass. Hildegunn Kvernberg Blø seier dei har jobba målretta med dette over ei 10-15-årsperiode. Ho fortel vidare at dei har totalt 20 personar som har ansvar for dei ulike tenestene på nettsidene til kommunen.

Hildegunn Kvernberg Blø

Hildegunn Kvernberg Blø, einingsleiar for servicekontoret i Nesset kommune, seier dei har jobba målretta i fleire år for å tilby innbyggarane god informasjon.

Foto: Nesset kommune /

– Vi har hatt fokus på omdømmebygging og kontakt med innbyggarane er ein viktig del av dette. Vi ønskjer at dei skal vere sjølvhjelpne og at dei skal finne mest mogleg informasjon på nettsidene våre, seier Kvernberg Blø.

På nettsida til kommunen har dei også gjort det mogleg for innbyggarane å gi tilbakemeldingar på informasjonen dei får. Kvernberg Blø fortel vidare at dei brukar desse til å utvikle seg og bli betre.

– Det er ein kontinuerleg jobb. Så det er ikkje noko vi blir ferdig med det første.

Sjå heile oversikta og sjekk korleis din kommune har gjort det her: