Hopp til innhold

Dette er den nye direktøren i Helse Møre og Romsdal

Mannen som skal leie Helse Møre og Romsdal framover har i fleire år vore tilsett ved helseføretaket.

Strategisjef Espen Remme

Strategi- og utviklingsdirektør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, har fått jobben som ny direktør for helseføretaket.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Helse Møre og Romsdal fekk inn seks søknadar frå folk som ville ha stillinga som direktør. Sjef i Trafikkforum, to arbeidssøkande, dagleg leiar i eit studentforbund, utviklingsdirektør i helseføretaket og ein campingvogn-selgar søkte jobben.

Espen Remme, strategi- og utviklingsdirektør i Helse Møre og Romsdal

Espen Remme (t.h.) saman med Dag Hårstad som var konstituert direktør fram til Remme no fekk jobben.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Måndag klokka 12 blei det offentleg at Espen Remme (43) skal begynne i stillinga 1. september.

Remme har sidan starten av 2012 vore tilsett i helseføretaket som strategi- og utviklingsdirektør. Han seier til NRK at han ser fram til å ta fatt i utfordringa.

– Det er veldig gledeleg og spennande. Det er ei veldig viktig oppgåve, og det motiverte meg til å søke jobben, seier den ferske direktøren.

Han har hatt ansvaret for oppfølging av styringsdokument og strategiarbeid generelt i helseføretaket, men den viktigaste oppgåva hans har vore uviklingsarbeidet for sjukehusa i Møre og Romsdal. Det vert no endå meir sentralt.

– Vi er nødt til å fokusere på å få på plass det nye sjukehuset i Møre og Romsdal. Men vi må også klare å utvikle spesialisthelsetenesten - slik at vi får ei best mogeleg teneste for folket, seier han.

Langsiktig jobb med sjukehus

Sjukehusstriden er framleis ei betent sak i fylket. Remme meiner ein må bygge bruer for at det skal bli orden i saka.

– Vi må jobbe systematisk og langsiktig og bygge opp spesialisthelsetenesta. Det har vore ein krevjande prosess. No må vi bygge vidare saman med fagfolk og kommunene.

Styreleiar Stein Kinserdal seier at han er veldig nøgd med å få Remme som ny administrerande direktør. Styreleiaren ser det som ein fordel at Remme kjenner organisasjonen godt internt.

Desse søkte jobben:

  • Dagleg leiar i AOF Møre og Romsdal, Frode Ingebrigtsen (55)
  • Arbeidssøkande, Janne Løseth (67)
  • Strategi- og utviklingsdirektør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme (43)
  • Arbeidssøkande, Ivar Edmund Vatten (51)
  • Dagleg leiar/Adm. direktør i Trafikkforum, Stig Anders Ohrvik (45)
  • Salgssjef i Camp-On AS, Lars Ljøen (46)

Leiarerfaring

Remme er utdanna ergoterapeut og har ein mastergrad i strategisk leiing frå Handelshøyskolen i Bergen, og har også pedagogikk i fagkrinsen.

Tidlegare har han jobba som bedriftsrådgjevar i SINTEF Bedriftsutvikling AS i Ålesund og vore administrerande direktør ved Muritunet AS.

I slutten av februar blei 43-åringen utnemnt til leiar for prosjektstyret for det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Hårstad ikkje på lista

På søkerlista, som vart offentleggjort 8. juni, står ikkje namnet til den konstituerte direktøren, Dag Hårstad. Han starta i stillinga nokre få dagar etter at Astrid Eidsvik gjekk av som adm. dir. den 4. desember i fjor.

– Eg har teke ei vanskeleg og viktig avgjerd og konklusjonen er at eg ikkje står på søkerlista til stillinga, seier han og legg til:

– Eg har vore i tenkeboksen ei god stund, men har innsett at pendlinga gjer at eg får for lite tid med familie og det er heller ikkje ei god løysing for helseføretaket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL